1So legg eg dykk då på hjarta, eg som er ein fange i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med,
2med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleik
3og legg vinn på å halda Andens einskap i fredens samband:
4EIN lekam og EIN Ande, liksom de og er kalla med EI von i dykkar kall,
5ein Herre, ei tru, ein dåp,
6ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle.
7Men kvar og ein av oss er nåden gjeven etter det målet som Kristi gåva vert tilmælt med.
8Difor segjer Skrifti: Han for upp i det høge og førde burt fangar; han gav menneski gåvor.
9Men det at han for upp, kva er det utan at han og fyrst for ned til lægdene på jordi?
10Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt.
11Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar,
12so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til uppbyggjing av Kristi lekam,
13til dess me alle saman når fram til einskap i trui på Guds Son og i kjennskap til han, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla,
14so me ikkje lenger skal vera umyndige og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i kunster av villfaringi,
15men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til han som er hovudet, Kristus,
16han som verkar at heile lekamen vert samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, og veks sin vokster som lekam til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem.
17Dette segjer eg då og vitnar i Herren at de ikkje lenger må ferdast som heidningane ferdast i sin hugs fåfengd,
18formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i dei for deira forherda hjarto skuld,
19med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg i ulivnad, so dei driv med all ureinskap saman med havesykja.
20Men de hev ikkje lært å kjenna Kristus soleis,
21um de elles hev høyrt um han og er upplærde i han, so som sanning er i Jesus:
22at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle mennesket, som vert tynt ved dei dårande lyster,
23men verta uppnya i dykkar hugs ånd
24og iklæda dykk det nye mennesket, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar.
25Legg difor av lygni og tala sanning, kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer.
26Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm,
27og gjev ikkje djevelen rom!
28Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med hendene sine, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande.
29Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for dei som høyrer på;
30og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen!
31All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk, liksom all vondskap!
32Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus!