Ecclesiastes 6NO1938N

1Det er ei ulukka som eg hev set under soli, og som ligg tungt på menneskja:

2Når Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let han vera kar til å njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det fåfengd og ei vond liding.

3Um ein mann fær hundrad born og lever mange år, so talet på levedagane hans vert stort, men sjeli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han.

4For til fåfengs kom det til verdi, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt,

5og soli hev det korkje set eller kjent; det hev meir ro enn han.

6Og um han so hadde levd tusund år tvo gonger, men ikkje fenge njota noko godt - fer ikkje alt til ein stad?

7All mannsens møda er for munnen hans, og like vel vert hugen aldri nøgd;

8for kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å skikka seg millom dei levande?

9Betre er det at augo ser på det ein hev, enn at hugen fer uroleg ikring; det og er fåfengd og jag etter vind.

10Det som hev vorte til, er longe nemnt med namn, og det er kjent kva ein mann skal verta; han kann ikkje tretta med den som er sterkare enn han;

11for det finst ein ordrikdom som berre aukar fåfengdi - kva gagn hev mannen av det?

12For kven veit kva som batar mannen i livet, i alle hans fåfengde levedagar, som han fer igjenom som ein skugge? For kven kann segja mannen kva som skal henda under soli etter hans tid?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.