1Tenk på din skapar i ungdomsdagane, fyrr dei vonde dagane kjem, og det lid til dei åri då du lyt segja: Eg likar dei ikkje,
2fyrr soli og ljoset og månen og stjernone myrkjest, og skyene kjem att etter regnet -
3den tid då hus-vaktarane skjelv, og dei sterke mennene krøkjest, og dei som mel på kverni, sluttar med arbeidet, av di dei hev vorte for få, og dei som ser ut gjenom gluggane, dimmest,
4og båe gatedørene vert stengde, medan kvernduren spaknar og ikkje stig høgre enn til sporvekvitring, og alle songmøyane vert lågmælte,
5då ein og er redd for kvar bakke, og skremslor lurer på vegen, og mandeltreet blømer, og grashoppen karar seg fram, og kapersbæret dovnar; for menneskja fer til sitt æve-hus, og gråtarane gjeng alt og ventar på gata -
6fyrr sylvsnori slitnar og gullskåli gjeng sund, og krukka brotnar attmed kjelda, og hjulet vert knasa og dett ned i brunnen,
7og moldi fer i jordi att og vert som fyrr ho var, og åndi gjeng attende til Gud, som gav henne.
8Berre ideleg fåfengd, segjer preikaren; alt er fåfengd.
9Elles er å segja at preikaren var ein vismann, og at han og lærde folket kunnskap og grunda og granska; han laga mange ordtøke.
10Preikaren freista å finna fagre ord, og uppskrive er her slikt som rett er, sannings-ord.
11Ord av vismenner er som broddar, og fyndord i samling sit fast som naglar; dei er gåva frå ein og same hyrdingen.
12Og elles, son min, lat deg vara åt! Det er ingen ende på all bokskrivingi, og mykje gransking armar ut kroppen.
13Endelykti er dette, når du hev høyrt alt: Ottast Gud og haldt hans bod! For det bør alle menneske gjera.
14For kvar gjerning vil Gud føra fram for domen yver alt det som løynt er, anten det so er godt eller vondt.