1Eiterflugor set illtev og æsing i salven åt salvelagaren; jamvel ein liten grand dårskap skjemmer ut ein mann som stend høgt i visdom og æra.
2Vismanns hug vender til høgre, men dårehugen til vinstre.
3Og kvar helst dåren gjeng, tryt vitet hans, og han segjer frå til alle at han er ein dåre.
4Um hovdings vreide reiser seg mot deg, so gakk ikkje frå din post! For spaklynde hindrar store synder.
5Det er ein vond ting som eg hev set under soli - eit mistak som kjem frå makthavaren:
6Dårskapen sit i høge sessar, og storfolk lyt sitja lågt.
7Eg hev set trælar på hesteryggen og hovdingar ganga på sin fot som trælar.
8Den som grev ei grav, kann stupa nedi, og den som riv eit gjerde, kann ormen stinga.
9Den som bryt stein, kann få mein av det; den som høgg ved, kann koma ut i fåre.
10Når øksi er ukvass, og han ikkje hev slipt eggi, so lyt han bruka dess meir makt; men visdomen hev den fyremunen at han gjer alt på rette måten.
11Når ormen sting fyrr ein fær mana, hev manaren inkje gagn av kunsti si.
12Ord av vismanns munn er ljuvlege, men lippone på dåren tyner honom sjølv.
13Dei fyrste ordi i hans munn er dårskap, og røda endar i fårleg vitløysa.
14Dåren talar mange ord, endå ingen mann veit kva som skal henda, og kven kann segja han kva som skal henda etter hans tid?
15Dåren trøytnar av strevet sitt, han som ikkje ein gong veit vegen til byen.
16Usælt er du land som hev eit barn til konge, og fyrstar som held etarlag um morgonen.
17Sælt er du land som hev ein adelboren konge, og fyrstar som held sine mål i sømeleg tid, på kara vis og ikkje med fyll!
18Når latskapen råder, sig bjelkane ned, og let ein hendene hanga, dryp det inn i huset.
19Til gaman held dei gjestebod, og vinen legg gleda yver livet; alt i hop fær dei for pengar.
20Ikkje ein gong i tankane må du banna kongen, og ikkje ein gong i ditt sengrom må du banna den rike; for fuglane i lufti ber ljoden burt, og dei fløygde fortel kva du hev sagt.