1Den som er klakka eller skoren på blygsli, må ikkje vera med i Herrens lyd.
2Den som er fødd i hor, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans radt til tiande leden skal vera utestengde frå Herrens lyd.
3Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd,
4for di dei ikkje møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egyptarland, og for di han leigde Bileam, son åt Beor, frå Petor i Mesopotamia til å banna deg.
5Men Herren din Gud vilde ikkje høyra på Bileam; han vende forbanningi um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær.
6Aldri i dine levedagar skal du syta for deira velferd og lukka.
7Edomitane skal du ikkje hava stygg til; for dei er brørne dine. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.
8Etterkomarane deira i tridje leden kann få vera med i Herrens lyd.
9Når du tek ut i strid mot fiendane dine og slær læger, so skal du akta deg for alt som er usømeleg.
10Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt han um natti so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn att
11fyrr det lid mot kvelden; då skal han laugs seg, og når soli glader, kann han koma inn i lægret.
12Utanfor lægret skal du hava ein stad som ligg for seg sjølv; dit skal du ganga dine ærender.
13Og millom tølone dine skal du hava ein spade; med den skal du grava attyver det som kjem ifrå deg når du sit der ute.
14For Herren din Gud er med deg i lægret; han vil hjelpa deg og gjeva fiendane i di makt; difor skal lægret ditt vera heilagt; han må ikkje sjå noko ufyse der; for då vender han ryggen til og gjeng ifrå deg.
15Ein træl som hev rømt frå herren sin og tydt seg til deg, skal du ikkje senda han attende til herren hans.
16Lat han få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byane dine, der han likar seg best, og ver ikkje hard imot han!
17Det må ikkje finnast møy eller svein i Israel som vigjer seg til skjøkjelivnad.
18Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren din Gud, um du so skulle hava lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren din Gud.
19Du skal ikkje taka renta av bror din, korkje for pengar eller matvaror eller noko anna som dei tek renta for.
20Ein utlending kann du taka renta av, men av bror din må du ikkje taka renta; då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem inn i og skal taka i eige.
21Når du gjer ein lovnad til Herren din Gud, so må du ikkje drygja med å halda det du hev lova; for Herren din Gud kjem til å krevja det etter deg, og då fær du synd på deg.
22Men um du let vera å gjera nokon lovnad, so fær du ingi synd på deg for det.
23Ordet du hev gjeve, det skal du koma i hug og halda, soleis som du av fri vilje og med din eigen munn hev lova Herren din Gud.
24Kjem du inn i annan manns vinhage, so kann du eta druvor, so mykje du vil, til du er nøgd; men du må ikkje sanka i kopp.
25Kjem du inn i annan manns åker, so kann du taka aks med handi; men med sigd må du ikkje koma med i annan manns åker.