1Finn de ein mann som ligg drepen på marki i det landet Herren dykkar Gud gjev dykk til eigedom, og ingen veit kven hev slege han i hel,
2so skal styresmennene og domarane dykkar ganga ut og mæla kor langt det er frå liket til dei byane som ligg der ikring;
3og styresmennene i den byen som er næmast liket, skal taka ei kviga som aldri hev vore bruka til arbeids og aldri havt sele på seg,
4og leida henne ned til ein årgangsbekk i ein dal som korkje vert pløgd eller sådd, og attmed den bekken skal dei brjota halsen på kviga.
5So skal prestane koma, Levi-sønene; for dei hev Herren din Gud kåra til å tena han og til å velsigna i Herrens namn; og etter deira ord skal kvar tretta jamnast og kvar skade bøtast.
6Og alle styresmennene i byen, dei som bur næmast der liket vart funne, skal två hendene sine uppyver kviga som dei hev brote halsen på attmed bekken,
7og so skal dei taka soleis til ords: Våre hender hev ikkje rent ut dette blodet, og våre augo hev ikkje set det.
8Herre, tak burt skuldi frå Israel, folket ditt, som du hev løyst ut, og lat ikkje Israel, folket ditt, lida for dråpet på ein skuldlaus mann! Då får dei soning for blodskuldi.
9Soleis reinsar du deg for blodskuld; for du skal gjera det som rett er i Herrens augo.
10Når du tek ut i strid mot fiendane dine, og Herren din Gud gjev dei i dine hender, so du tek fangar,
11og du millom fangane fær sjå ei fager kvinna, som du legg hug til og vil hava til kona,
12då skal du leida henne inn i huset ditt; ho skal klyppa håret og skjera neglene
13og leggja av seg dei klædi ho gjekk med då ho vart teki, og so skal ho vera i huset ditt og syrgja yver far sin og mor si ein heil månad; sidan kann du ganga inn til henne og gifta deg med henne, so ho vert kona di.
14Men vert det til det at du ikkje likar henne lenger, so skal du gjeva henne fri, so ho kann fara kvar ho vil; selja henne skal du ikkje og ikkje fara med henne som ei trælkvinna, sidan du hev levt i hop med henne.
15Når ein mann hev tvo konor, ei som han elskar, og ei som han ikkje bryr seg um, og han hev fenge søner med båe tvo, men den eldste er son til den han ikkje held av,
16og han so, når den tid kjem, vil skifta det han eig millom sønene sine, då må han ikkje lata sonen åt den kona han elskar, verta odelsmannen, til meins for den sonen som er eldst.
17Han skal kjennast ved den eldste, endå han er son til den kona han ikkje likar, og gjeva han dobbel lut av alt som finst i hans eige; for han er blomen av manndomen hans, han er den som eig odelsretten.
18Hev nokon ein son som er agelaus og trassig og ikkje vil lyda foreldri sine og ikkje vil høyra på dei, endå dei tuktar han,
19so skal foreldri taka han med seg på tinget, til styresmennene der i byen,
20og segja til dei: Denne sonen vår er agelaus og trassig og vil ikkje lyda oss; han er ein øydar og ein drikkar.
21Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Soleis skal du rydja ut det vonde ut or lyden. Og det skal spyrjast yver heile Israel, so alle vert ottefulle.
22Hev nokon gjort eit brot som det er sett livsstraff for, og han so hev vorte avretta og hengd upp på eit tre,
23so må ikkje liket hans verta hangande på treet natti yver, men du skal jorda han same dagen; for Guds forbanning ligg på den som vert upphengd; og du skal ikkje gjera landet ditt ureint, det som Herren din Gud gjev deg til odel og eiga.