Deuteronomy 10NO1938N

1Då var det Herren sa til meg: Hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og kom upp på fjellet til meg, og gjer dessutan ei trekista;

2so skal eg skriva dei same ordi på dei tavlone som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja dei ned i kista.

3Då gjorde eg ei kista av akasietre og hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjekk upp på fjellet med tavlone i handi.

4Og Herren skreiv på dei det same som han hadde skrive fyrre gongen, dei ti bodordi som han hadde tala til dykk på fjellet midt utor elden den dagen de var samla der, og han gav dei til meg.

5So snudde eg meg og gjekk ned av fjellet og la tavlone i den kista eg hadde gjort; og der vart dei liggjande, soleis som Herren hadde sagt meg fyre.

6Sidan tok Israels-borni ut frå Bene-Ja'akan-brunnane og kom til Mosera; der døydde Aron, og der vart han gravlagd, og Eleasar, son hans, vart prest etter han.

7Derifrå for dei fram til Gudgoda, og frå Gudgoda til Jotbata, eit land med mange bekker.

8I den tidi skilde Herren ut Levi-ætti so dei skulde bera paktkista åt Herren og standa framfor Herrens åsyn og tena han og lysa velsigning i hans namn, og so hev dei gjort til denne dag.

9Difor fekk ikkje Levi nokon lut eller arv tilliks med brørne sine; Herren er hans arv, soleis som Herren din Gud hev sagt til han.

10So var eg då på fjellet i fyrti dagar og fyrti næter, liksom fyrre gongen, og Herren høyrde bøni mi den gongen og; han vilde ikkje tyna deg.

11So sa Herren til meg: Statt upp og tak i vegen og før folket lenger fram, so dei kann koma inn i det landet eg hev lova federne deira å gjeva dei, og leggja det under seg.

12Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren din Gud og allstødt ganga på hans vegar og elska og tena han av alt ditt hjarta og all din hug

13og halda bodi og lovene hans, som eg ber fram for deg i dag, so det kann ganga deg vel?

14Sjå, himlane, og himle-himlane, jordi og alt det som på henne er, høyrer Herren din Gud til.

15Men endå var det berre federne dine han la hug til og elska, og sidan valde han ut dykk, ætti deira, framum alle andre folkeslag, soleis som me ser det i dag.

16So umskjer då fyrehudi på hjarta dykkar, og ver ikkje lenger so hardnakka!

17For Herren dykkar Gud, han er Gud yver alle gudar og Herre yver alle herrar, den store, den veldige, den agelege Gud. Han gjer ikkje skilnad på folk og tek ikkje mutor;

18han hjelper den farlause og enkja til retten sin og elskar dei framande, so han gjev dei mat og klæde.

19Difor skal de og elska dei framande; de var sjølve framande i Egyptarlandet.

20Herren din Gud skal du ottast; han skal du halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.

21Han er di ros, og han er din Gud, som for di skuld hev gjort alt dette store og agelege som du hev set for augo dine.

22Sytti i talet for federne dine ned til Egyptarland, men no hev Herren din Gud auka dykk so de er mange som stjernone på himmelen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.