Amos 8NO1938N

1So let Herren, Israels Gud, meg sjå denne syni: Der stod ei korg med mogi frukt.

2Og han sa: Kva ser du, Amos? Eg svara: Ei korg med mogi frukt. Då sa Herren til meg: Enden er komen for Israel, folket mitt; eg vil ikkje lenger hava tol med deira synd.

3Songane i slottet vert til øying den dagen, segjer Herren, Israels Gud; der ligg lik i mengd, stilt vert dei slengde til sides alle stader.

4Høyr dette, de som hev hug til å gløypa den fatige og tyna dei spaklyndte i landet,

5de som segjer: Når er nymåne-dagen slutt, so me kann få selja korn, og sabbaten, so me kann få opna kornburi og gjera efaen liten og sekelen stor og driva fusk med vekti

6og kjøpa armingen for pengar og den fatige for eit par skor og selja avfallskorn?

7Herren hev svore ved Jakobs byrgskap: Aldri skal eg gløyma alt det dei hev gjort.

8Må då ikkje jordi skjelva for slikt, og alle som bur der, syrgja? Må ikkje all jordi hevja seg som Nilen, stiga og falla som Egyptarlands elv?

9Og det skal henda på den dagen, segjer Herren, Israels Gud, at eg let soli ganga ned ved høgstdags bel og let det myrkna på jordi midt på ljose dagen.

10Dykkar helgar vil eg venda til sorg og alle dykkar visor til syrgjesongar, eg vil sveipa sekk um kvar ei lend og gjera kvart eit hovud snaudt; eg vil valda sorg som for einaste sonen og lata enden verta som ein usæl dag.

11Sjå, dagar kjem, segjer Herren, Israels Gud, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød, ikkje torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord.

12Då skal dei flakka frå hav til hav og frå nord til aust; dei sviv og leitar etter Herrens ord, men dei finn det ikkje.

13På den dagen skal fagre møyar og unge gutar ormektast av torste,

14dei som sver ved Samarias synd og segjer: So visst som din gud lever, Dan, og so visst som han lever han som dei dyrkar i Be'erseba! Dei skal stupa og aldri reisa seg meir.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Amos 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.