Amos 6NO1938N

1Usæle dei som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias fjell, dei fremste i det gjævaste av folki, dei som Israels hus plar venda seg til!

2Far yver til Kalne og sjå, gakk derifrå til det store Hamat, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?

3De som jagar den vonde dagen langt burt og let uretten sessa seg innmed dykk,

4de som ligg på filsbein-benker og latar dykk på sengene dykkar, som et lamb som er valde or saueflokken og gjødkalvar henta frå fjøset,

5som syng allslags tull til harpelåt og hev tenkt dykk ut strengespel, liksom David,

6som drikk vin or bollar og salvar dykk med dyraste oljen, men ikkje syrgjer yver Josefs skade.

7Difor skal dei no førast burt fremst i den landlyste flokken, og slutt skal det vera med letings-skrålet.

8Herren, Israels Gud, hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Eg styggjest ved Jakobs byrgskap og hatar hans slott, og eg gjev upp byen og alt som der finst.

9Og um det finst ti menner att i eitt og same hus, so skal dei døy.

10Og frenden åt ein mann, han som skal brenna han, skal taka han og bera beini or huset; og han skal segja til den som er inst inni huset: Er det nokon att hjå deg? Han skal svara: Nei, ingen! Då skal han segja: Hysj! Herrens namn må ikkje nemnast!

11For sjå, Herren byd, og dei slær det store huset i knas, og det vesle til dess det brest.

12Spring vel hestane uppetter fjellet, eller pløgjer ein der med uksar? - sidan de hev vendt retten til forgift og rettferds frukter til malurt.

13De som gled dykk i det som ingen ting er, og som segjer: Det er med vår eigi makt me hev vunne oss velde!

14For sjå, eg reiser eit folk imot dykk, Israels hus, segjer Herren, allhers Gud, og dei skal trengja og trælka dykk frå Hamatvegen til Moabekken.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Amos 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.