Acts 25NO1938N

1Tri dagar etter at Festus hadde teke mot landshovding-embetet sitt, for han frå Cesarea upp til Jerusalem.

2Øvsteprestane og dei fremste mennene bland jødane møtte då fram hjå han med klagemål mot Paulus og bad,

3med ilt i hugen mot han, at landshovdingen måtte gjera dei den godvildi å henta han til Jerusalem; for dei låg etter han og vilde slå han i hel på vegen.

4Festus svara at Paulus var i varveitsla i Cesarea, og at han sjølv snart skulde fara dit;

5so kann dei av dykk som hev fullmakt til det, fara med ned, sa han, og gjeva inn klaga på mannen, i fall det er noko gale med han.

6Han hadde ikkje vore hjå dei meir enn ei åtte ti dagar, so for han ned til Cesarea. Dagen etter sette han seg i domarsætet og sa til at Paulus skulde førast fram.

7Straks han kom, stelte dei seg ikring han dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, og bar mange svære skuldingar på han, men var ikkje god til å prova dei,

8då Paulus forsvara seg og sa: Eg hev ikkje på noko vis forbrote meg, korkje mot lovi åt jødane eller mot heilagdomen eller mot keisaren.

9Festus vilde gjerne gjera jødane til lags og svara Paulus so: Er du viljug til å fara upp til Jerusalem og få dom av meg der i saki di?

10Eg stend for domstolen åt keisaren, sa Paulus; der hev eg rett til å få min dom. Mot jødane hev eg ingen urett gjort, som du og vel veit.

11Er eg saka, og hev gjort noko som eg lyt lata livet for, so bed eg meg ikkje undan å døy; men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, so kann ingen gjeva meg yver til dei for å gjera dei ei godvild. Eg skyt saki mi til keisaren.

12Då tala Festus med rådet sitt, og so svara han: Du hev skote saki di til keisaren; til keisaren skal du fara.

13Då nokre dagar var lidne, kom kong Agrippa og Berenike til Cesarea og vilde helsa på Festus.

14Dei vart verande der ei tid, og so fortalde Festus kongen um saki åt Paulus og sa: Det er ein mann her som Feliks hev late etter seg i fengslet.

15Då eg kom til Jerusalem, møtte øvsteprestane og styresmennene åt jødane fram med klagemål mot han og kravde dom yver han.

16Eg svara dei at det er ikkje visi åt romarane å gjeva noko menneske yver til andre berre for å gjera dei ei godvild; den som er klaga, lyt fyrst hava stade andsynes med klagarane og havt høve til å verja seg mot skuldingi.

17So var dei med hit, og eg drygde ikkje ut saki, men sette meg andre dagen i domarsætet og let mannen førast fram.

18Klagarane stod rundt ikring han, men kom ikkje fram med nokor skulding for noko slikt vondt som eg hadde tenkt meg;

19det var berre nokre spursmål i deira eigi gudsdyrking dei antrast med han um, og um ein som heitte Jesus, som var avliden, men som Paulus sa levde.

20No var eg reint rådlaus og visste ikkje korleis eg skulde bera meg åt for å få granska ut dette; so spurde eg Paulus um han vilde fara til Jerusalem og få dom i saki si der.

21Men han skaut inn saki og vilde få vera i varveitsla til keisaren hadde sagt domen; so sa eg det fekk vera so; han skulde haldast i varveitsla til eg kunde få sendt han til keisaren.

22Eg vilde og gjerne få høyra den mannen, sa Agrippa. I morgon skal du få høyra han, svara Festus.

23Andre dagen kom Agrippa og Berenike med stor drust og steig inn i salen i lag med herhovdingane og dei fremste mennene i byen. Festus sa til at Paulus skulde hentast, og han vart førd inn.

24So tek Festus soleis til ords: Kong Agrippa og alle de menn som er samla her no, de ser denne mannen! Det var for hans skuld heile jødefolket ågjekk meg både i Jerusalem og her, og ropa at han ikkje måtte få leva lenger.

25Eg skyna at han ikkje hadde gjort noko som han var verd å lata livet for, og då han sjølv skaut seg under keisaren, rådde eg meg til å senda han dit.

26Men noko fullt pålitande hev eg ikkje å skriva til herren min um han; difor hev eg ført han fram for dykk, og helst for deg, kong Agrippa, so eg, når etterrøknaden er gjord, kann hava noko å skriva.

27For det synest meg vitlaust å senda ein fange av stad og ikkje samstundes nemna skuldingane mot han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Acts 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.