Acts 18NO1938N

1Sidan tok han ut frå Aten og for til Korint.

2Der råka han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontus; han var nyst komen frå Italia med Priskilla, kona si, av di Klaudius hadde sagt fyre at alle jødar skulde hava seg burt frå Rom. Dei gav han seg i lag med;

3han budde hjå dei og arbeidde der; for dei dreiv same handverket: dei var tjeldmakarar.

4Men kvar sabbat rødde han med folk i synagoga, og vann jamleg både jødar og grekarar for læra si.

5Då Silas og Timoteus kom nordantil Makedonia, var Paulus i fullt arbeid med å læra, og heile tidi vitna han for jødane at Jesus var Messias.

6Men då dei sette seg imot og spotta, riste han dusti av klædi sine og sa til dei: Blodet dykkar kome yver dykkar eige hovud! Eg er fri for skuld; heretter gjeng eg til heidningane.

7Dermed gjekk han burt ifrå der, og kom heim til ein som heitte Justus; han var ein mann som dyrka Gud; huset hans låg vegg i vegg med synagoga.

8Men Krispus, synagogeforstandaren, kom med heile sitt hus til trui på Herren, og mange av Korint-buane som høyrde på Paulus, trudde og vart døypte.

9Ei natt sa Herren til Paulus i ei syn: Ver ikkje redd! Tala, og teg ikkje!

10Eg er med deg, og ingen skal få leggja hand på deg og gjera deg vondt; for eg hev mykje folk i denne byen.

11So vart han buande der eit år og seks månader, og lærde dei Guds ord.

12Medan Gallio var fylkeshovding i Akaia, yppa jødane seg alle som ein mot Paulus og drog han fram for domstolen.

13Denne mannen, sa dei, set folk upp og fær dei til å dyrka Gud på ein måte som er imot lovi.

14Då so Paulus vilde taka til ords, sa Gallio til jødane: Var det ei ugjerning eller eit skarvestykke det galdt, jødar, so skulde eg, som rett og rimeleg var, ha gjeve meg stunder til å høyra på dykk;

15men når det gjeld tvistemål um ei læra og um nokre namn og um lovi dykkar, so fær de greida det sjølve! Eg vil ikkje vera domar i slike saker.

16Dermed jaga han dei burt frå domstolen.

17Då tok heile flokken fat på Sostenes, synagogeforstandaren, og dengde han midt framfor domstolen. Men Gallio brydde seg ikkje det minste um alt dette.

18Paulus drygde der endå ei lang tid; so bad han farvel med brørne og siglde av stad til Syria i fylgje med Priskilla og Akvilas; men fyrst hadde han i Kenkreæ klypt håret sitt; for han hadde ein lovnad på seg.

19So kom dei til Efesus. Der let han dei andre vera att. Sjølv gjekk han inn i synagoga og gav seg til å røda med jødane;

20men då dei bad han drygja der lenger, bad han seg undan

21og baud farvel med dei ordi: Eg skal koma att til dykk ein annan gong um Gud vil. So la han ut frå Efesus.

22Då han kom til Cesarea, gjekk han upp og helsa på kyrkjelyden; so for han ned til Antiokia.

23Der vart han verande ei tid, men tok so ut att, og drog gjenom Galatarlandet og Frygia frå ende til ende og styrkte alle læresveinane.

24Ein jøde som heitte Apollos og var fødd i Aleksandria, kom til Efesus; han var ein ordhag mann og stød i skriftene.

25Han hadde fenge kunnskap um Herrens veg, og brennande i åndi som han var, tala og lærde han grant um Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen.

26Han tok til å tala fritt og ope i synagoga; men då Priskilla og Akvilas hadde høyrt han, tok dei han med seg heim og greidde ut grannare for han um Guds veg.

27Sidan fekk han hug til å fara yver til Akaia, og brørne talde han til, og skreiv til læresveinane der at dei skulde taka vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei truande.

28For med stor kraft avsanna han jødane so alle høyrde det, og synte klårleg av skriftene at Jesus er Messias.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Acts 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.