Acts 14NO1938N

1I Ikonium for dei fram på same vis; dei gjekk inn i synagoga åt jødane og tala soleis at ein stor flokk - både jødar og grekarar - tok trui;

2men dei jødane som ikkje vilde tru, eggja upp heidningane og sette vondt i dei mot brørne.

3Dei vart verande der lenge og tala hugheilt i Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.

4Folket i byen kløyvde seg: sume heldt med jødane, sume med apostlane.

5Men so hende det ein dag at både heidningane og jødane med styresmennene sine styrmde fram og vilde skamfara dei og steina dei,

6og då dei skyna det var meiningi, rømde dei til byane i Lykaonia: Lystra og Derbe, og bygdene der ikring;

7der forkynte dei evangeliet.

8I Lystra var det ein mann som var maktlaus i føtene - han hadde vore vanfør frå han var fødd, og aldri vore god til å ganga.

9No sat han jamleg og lydde på Paulus når han tala. Ein gong feste Paulus augo på han, og då han såg at han hadde tru so han kunde verta lækt, sa han med høg røyst:

10Reis deg og statt upprett på føtene dine! Då spratt han upp og tok til å ganga ikring.

11Då folket såg kva Paulus hadde gjort, ropa dei ende yver seg og sa på lykaonisk: Gudane hev teke manneham og stige ned til oss!

12Og dei kalla Barnabas for Jupiter og Paulus for Merkur, av di han var den som førde ordet.

13Presten i Jupiter-templet som var utanfor byen, kom til porten med uksar og kransar og vilde ofra saman med folket.

14Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund klædi sine og sprang ut millom hopen

15og ropa: Kva gjer de, godtfolk! Me er då og menneske og ligg under same lagnaden som de. Me forkynner dykk evangeliet, at de skal venda dykk burt frå desse inkjeslege avgudane og til den levande Gud; han hev gjort himmelen og jordi og havet og alt som i dei er,

16men i dei framfarne tidene let han alle heidningfolki ganga sine eigne vegar,

17endå han ikkje sparde på minningar um seg, men stødt gjorde vel, sende dykk regn og gode åringar frå himmelen, metta dykk med mat og fyllte hjarto dykkar med gleda.

18So tala dei, men det var berre med naudi dei fekk styrt folket av med å ofra til seg.

19Sidan kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk talt folket yver, og so steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei tenkte han var slokna.

20Men læresveinane slo ring um han, og han reiste seg upp og gjekk inn til byen. Dagen etter tok han ut og for i lag med Barnabas til Derbe.

21Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. So for dei attende til Lystra og Ikonium og Antiokia,

22og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane i sjeli og mana dei til å vera støde i trui og sa: Me lyt ganga inn i Guds rike gjenom mange trengslor.

23Dei valde ut eldste åt dei for kvar kyrkjelyd, og gav dei med bøn og fasta yver til Herren som dei trudde på.

24Sidan drog dei gjenom heile Pisidia og kom til Pamfylia

25og tala Guds ord i Perge. So for dei ned til Attalia,

26og derifrå siglde dei til Antiokia, den staden dei var sende ut frå med bøn um Guds nåde til det verket dei no hadde fullført.

27Då dei kom dit, kalla dei i hop kyrkjelyden og fortalde um kor store ting Gud hadde gjort gjenom dei, og at han hadde opna ei dør til trui for heidningane.

28Og dei vart verande der ei god stund hjå læresveinane.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Acts 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.