Acts 1NO1938N

1Den fyrste boki, Teofilus, skreiv eg um alt som Jesus tok til med å gjera og læra,

2alt til den dagen då han vart teken upp til Gud. Fyrr det hende, hadde han gjenom den Heilage Ande gjeve sine fyresegner til apostlane som han hadde valt seg ut.

3Etter han hadde lide, synte han dei og med mange visse prov at han var i live; for i fyrti dagar tedde han seg tid um onnor fram for dei og tala um det som høyrer til Guds rike.

4Og ein gong som han kom saman med dei, sa han til dei at dei ikkje skulde fara burt frå Jerusalem, men venta på det som Faderen hadde lova, det som de, sa han, hev høyrt um av meg;

5for Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med den Heilage Ande når det lid um nokre dagar.

6Medan dei no soleis var samla, spurde dei han: Herre, er tidi då komi at du vil reisa upp att riket for Israel?

7Han svara: Det høyrer ikkje dykk til å vita tider eller timar som Faderen hev sett i si eigi makt.

8Men når den Heilage Ande kjem yver dykk, fær de kraft, og då skal de vera mine vitne både i Jerusalem og i heile Judea og Samaria og til ytste enden av jordi.

9Då han det hadde sagt, vart han lyft upp so dei såg på det, og ei sky tok han burt or augo deira.

10Som dei no stod og stirde upp imot himmelen medan han for burt, stod det med ein gong tvo kvitklædde menn innmed dei

11og sa: Kvi stend de og ser upp imot himmelen, Galilea-menn? Denne Jesus som vart teken upp i himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara til himmels.

12Då snudde dei um og gjekk attende til Jerusalem frå det berget dei kallar Oljeberget - det ligg tett innmed Jerusalem, berre ei sabbatsleid derifrå.

13Då dei kom inn til byen, gjekk dei upp i den høgstova dei heldt til i - både Peter og Johannes, og Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son åt Alfeus, og Simon Selotes og Judas, son åt Jakob.

14Alle desse heldt samhuga ved og bad, i lag med nokre kvinnor og Maria, mor åt Jesus, og brørne hans.

15Ein gong i desse dagane steig Peter fram millom brørne og tala - det var då samla ein flokk på um lag hundrad og tjuge mann -:

16Brør, sa han, det laut sannast det skriftordet som den Heilage Ande longe sidan gjenom Davids munn hev tala um Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus;

17for han var rekna millom oss og vart og kalla til dette yrket.

18Med syndeløni vann han seg eit jordstykke, men sidan stupte han ned og sprakk midt i tvo, og all innvolen hans valt ut.

19Og det vart kunnigt for alle Jerusalems-buane, so det jordstykket i deira mål vart kalla Hakeldama - det er Blodåkeren.

20For det stend skrive i Salmeboki: Lat hans bustad verta øydd, lat det ikkje finnast folk der meir! og: Lat ein annan få hans embete!

21Difor lyt ein av dei menn som hev fylgst med oss heile tidi medan Herren Jesus gjekk her ibland oss,

22alt ifrå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart teken upp ifrå oss - ein av dei lyt saman med oss vera vitne um uppstoda hans.

23So kalla dei fram tvo menn: Josef, som vart kalla Barsabbas og hadde tilnamnet Justus, og Mattias.

24Og dei bad: Herre, du som kjenner alle hjarto, syn oss kven av desse tvo du hev kåra ut

25til å taka det romet i dette apostelyrket som Judas gjekk utor då han for til sitt rom! -

26So kasta dei lut millom dei. Luten fall på Mattias, og sidan vart han rekna i hop med dei elleve apostlane.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Acts 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.