2 Samuel 8NO1938N

1Sidan vann David på filistarane og døyvde dei - han tok hovudstadstaumane ut or hendene deira.

2Moabitane vann han og på og mælte dei med ei snor - han baud dei leggja seg ned på jordi og mælte so ut tvo snorlengder med folk som skulde drepast, og ei full snorlengd med folk som skulde få leva; då gav moabitane seg under David og laut svara skatt.

3Like eins vann David på Hadadeser Rehobsson, kongen i Soba, då han drog av stad og vilde vinna att makti si ved elvi.

4David tok ifrå han syttan hundrad mann av hestfolket og tjuge tusund av fotfolket; vognhestane skar han av hasane på og sparde ikkje att meir enn hundrad av dei.

5Då syrarane frå Damaskus kom og vilde hjelpa Hadadeser, kongen i Soba, felte David tvo og tjuge tusund mann av heren deira;

6sidan la David hervakter i Damaskus-Syria, og syrarane gav seg under han og laut svara skatt. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.

7David tok dei gullskjoldane som Hadadeser-mennene hadde bore, og hadde dei med seg til Jerusalem.

8Og frå Betah og Berotai, byane åt Hadadeser, tok kong David uhorveleg mykje kopar.

9Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde gjort ende på heile Hadadeser-heren,

10sende han Joram, son sin, til kong David - han skulde helsa på han og ynskja han til lukka med di han hadde vunne i striden mot Hadadeser; for Hadadeser hadde stødt lege i ufred med To'i. Han hadde med seg eigneluter av sylv og gull og kopar.

11Dei og helga kong David til Herren i hop med det sylvet og gullet han helga av herfanget frå alle dei heidningfolki han hadde lagt under seg;

12frå Syria og frå Moab og frå Ammons-borni og frå filistarane og frå amalekitane og av herfanget frå Hadadeser Rehobsson, kongen i Soba.

13Eit stort namn vann David då han på heimvegen frå syrar-slaget slo attan tusund mann i Saltdalen.

14Han la hervakter i Edom; i heile Edom la han hervakter, og alle edomitane gav seg under han. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.

15So rådde no David yver heile Israel, og David gjorde rettferd mot heile folket sitt.

16Joab, son åt Seruja, var hovding yver heren, og Josafat, son åt Akilud, var sogeskrivar;

17Sadok, son åt Akitub, og Akimelek, son åt Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar;

18Benaja, son åt Jojada, var hovding yver livvakti, og sønene åt David var prestar

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.