1So kom alle Israels-ættene til David i Hebron og sa: Her er me; me er same folket, me og du.
2Alt longe sidan, medan Saul var kongen vår, var det alltid du som gjekk fyre Israel, både ut i striden og heim att, og Herren sa til deg: Du skal gjæta Israel, folket mitt, og du skal vera fyrste yver Israel.
3Alle styresmennene i Israel kom til kongen i Hebron. Då gjorde kong David ei pakt med dei der for Herrens åsyn, og dei salva han til konge yver Israel.
4David var tretti år gamal då han vart konge, og han rådde for riket i fyrti år.
5I Hebron sat han konge yver Juda i sju og eit halvt år, og i Jerusalem sat han konge yver heile Israel og Juda i tri og tretti år.
6Fyrst drog kongen og mennene hans til Jerusalem, mot jebusitane, som budde der i landet. Då sa dei til David: Hit inn kjem du aldri! Blinde og lame skal driva deg burt med dei ordi: David kjem aldri hit inn.
7Men David tok like vel Sionsborgi - no heiter ho Davidsstaden.
8Den dagen sa han: Kvar den som slær jebusitane og når fram til vassleidingi og slær dei lame og blinde som hatar David [han som skal vera hovding og førar]. Difor segjer dei: Ein blind eller lam må ikkje koma inn i huset.
9David sette seg til i borgi og kalla henne Davidsstaden; og han bygde rundt ikring frå Millo og innetter.
10Sidan auka Davids velde meir og meir; og Herren, allhers Gud, var med han.
11Hiram, kongen i Tyrus, skikka sendemenner til David med sedertre; han sende og timbremenner og steinhoggarar; og dei bygde eit hus for David.
12Og David skyna at Herren hadde stadfest kongedømet hans yver Israel, og at han hadde lyft riket hans høgt for sitt eige folk, Israels, skuld.
13David tok seg endå fleire fylgjekonor og konor frå Jerusalem etter han var komen dit frå Hebron, og han fekk endå fleire søner og døtter.
14Dette er namni på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sammua og Sobab og Natan og Salomo
15og Jibhar og Elisua og Nefeg og Jafia
16og Elisama og Eljada og Elifelet.
17Då filistarane høyrde at David var salva til konge yver Israel, drog dei ut alle saman og vilde freista å få tak i han. David fekk spurt det og for ned til borgi.
18So kom filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa'imsdalen.
19Då spurde David Herren: Skal eg draga ut mot filistarane? Vil du gjeva dei i mine hender? Og Herren svara: Drag du ut! Eg skal for visst gjeva filistarane i dine hender.
20So kom David til Ba'al-Perasim. Der slo han filistarane. Då sa han: Herren hev gjenge fyre meg og brote seg igjenom uvenene mine, liksom vatn bryt igjenom. Difor var det den staden fekk namnet Ba'al-Perasim.
21Der let dei etter seg gudebileti sine, og David og mennene hans tok dei med seg.
22Men filistarane drog ut att endå og spreidde seg på nytt lag utyver Refa'imsdalen.
23So spurde David Herren; men han sa: Du skal ikkje draga dit upp; gakk utanikring so du kjem bak på dei, og gyv so på dei midt for baka-trei!
24Når du høyrer ljoden av steg i toppane på baka-trei, då lyt du skunda deg! For då hev Herren drege ut framfyre deg og vil slå filistarheren.
25So gjorde David som Herren hadde sagt; og han slo filistarane og elte dei frå Geba til burtimot Geser.