1Då Herren hadde frelst David frå alle uvenene hans og frå Saul, kvad han eit kvede for Herren; det lydde so:
2Herren er mitt berg og mi festning og min frelsar,
3min bergfaste Gud som eg flyr til, min skjold og mitt frelsehorn, mi borg og mi livd, min frelsar; or vald frelser du meg.
4Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå fiendane mine.
5Daudens brotsjøar braut ikring meg, og straumar av vondskap skræmde meg.
6Helheims reip var snørde ikring meg, daudsens snaror fanga meg.
7I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, mitt skrik nådde fram til hans øyro.
8Då ristest jordi og skok seg, og himmelens grunnvollar skalv og ristest; for han var harm.
9Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; glør loga ut frå han.
10Han lægde himmelen og steig ned, og der var kolmyrker under hans føter.
11Han for fram på kjerubar og flaug, han synte seg på vengene åt vinden.
12Han gjorde myrker til åklæde kring seg, myrke vatn, tjukke skyer.
13Frå glansen for hans andlet braut eldsgløder fram.
14Herren tora frå himmelen, den Høgste let røysti si ljoda.
15Han sende ut piler og spreidde dei ikring, eldingar sende han og fortulla dei.
16Djupålane i havet kom til synes, grunnvollane i jordi vart berrsynte ved Herrens trugsmål, ved andepusten frå hans nase.
17Han rette ut handi frå høgdi og greip meg, han drog meg upp or store vatn.
18Han frelste meg frå min mektige fiende, frå mine hatarar; for dei var meg for sterke.
19Dei for imot meg på motgangsdagen; men Herren vart studnaden min.
20Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.
21Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender.
22For eg tok vare på Herrens vegar, fall ikkje i vondskap frå min Gud;
23for alle hans lover hadde eg for auga, bodordi hans veik eg ikkje ifrå,
24og eg var ulastande for han og tok meg i vare for mi synd.
25Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken min for hans augo.
26Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot den rettvise stridsmann rettvis,
27mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang
28Arme folk frelser du, men augo dine er mot dei ovmodige; dei tvingar du ned.
29For du er mi lampa, Herre, og Herren gjer myrkret mitt bjart.
30Ved deg renner eg mot fiendeflokkar, ved min Gud spring eg yver murar.
31Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle dei som flyr til han.
32For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud?
33Gud, han er mi sterke vern og leider den ulastande på hans veg.
34Han gjev han føter liksom hindane og set meg upp på høgdene mine.
35Han lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen.
36Du gjev meg di frelsa til skjold, og di småminking gjer meg stor.
37Du gjer vidt rom for mine steg under meg, og oklo mine vaggar ikkje.
38Eg vil elta fiendane mine og tyna dei, eg vender ikkje um fyrr eg hev gjort ende på dei.
39Eg gjer ende på dei og slær dei i knas, so dei vinn ikkje reisa seg; dei fell under føtene mine.
40Du gyrder meg med kraft til striden, du bøygjer mine motmenner under meg.
41Mine fiendar let du snu ryggen til meg, dei som hatar meg, ryd eg ut.
42Dei ser seg um, men det er ingen frelsar - etter Herren, men han svarar dei ikkje.
43Eg smuldrar dei som dust på jordi; eg krasar dei, trakkar dei ned som søyla på gatone.
44Du frelser meg frå mitt folks stridar, du varar meg til å vera hovud for heidningar; folkeslag som eg ikkje kjenner, tener meg.
45Framande folk smeikjer for meg, ved gjetordet um meg lovar dei meg lydnad.
46Framande folk visnar av og gjeng skjelvande ut or sine borger.
47Herren lever, og lova er han, mitt berg, upphøgd er min bergfaste Frelse-Gud,
48den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,
49som fører meg ut frå fiendane mine; yver mine motmenner lyfter du meg høgt, frå valdsmannen bergar du meg.
50Difor vil eg prisa deg millom heidningane, Herre, og lovsyngja ditt namn.
51Han gjer frelsa stor for sin konge og gjer miskunn mot den han hev salva, mot David og hans ætt til æveleg tid.