1Men det høvde seg so at det var eit illmenne der som heitte Seba Bikrison og høyrde til Benjamins-ætti. Han bles i luren og ropa: Me hev ingen deil i David og ingen lut i Isai-sonen! Heim att kvar til seg, Israel!
2Då skilde dei lag med David alle Israels-mennene og fylgde Seba Bikrison; men Juda-mennene heldt seg til kongen sin og fylgde han frå Jordan alt til Jerusalem.
3Då David kom heim att til Jerusalem, tok han dei ti fylgjekonone som han hadde late att til å taka vara på kongsgarden, og sette dei i varveitsla i eit hus for seg sjølve; han sytte for alt dei trong, men heldt seg ikkje med dei. Der sat dei no innestengde til sin døyande dag og levde all si tid som enkjor.
4Sidan sa kongen til Amasa: Stemn i hop Juda-mennene for meg innan tri dagar og møt so sjølv fram her!
5So drog Amasa av stad og stemnde i hop Juda-heren; men han drygde lenger enn den tidi kongen hadde sett.
6Då sa David til Abisai: No kjem Seba Bikrison til å gjera oss meir mein enn Absalom. Tak med deg mennene åt herren din og set etter han! Berre han ikkje alt hev vunne seg borger og kome seg undan?
7So drog Abisai ut med alle Joabs-mennene og livvakti og alle dei djervaste stridsmennene; dei tok ut frå Jerusalem, vilde elta Seba Bikrison.
8Vel dei var komne til den store steinen ved Gibeon, møtte dei Amasa. Joab var klædd i kappa som han jamnast bar, og utanpå hadde han eit belte med eit sverd som hang i ei slira ved sida hans. Då han gjekk fram, datt sverdet ut.
9Joab sa til Amasa: Korleis stend det til med deg, bror? og tok med høgre handi kring skjegget hans, liksom han vilde kyssa han.
10Men Amasa vara seg ikkje for sverdet som Joab hadde i hi handi, og Joab stakk han i buken med det, so innvolen hans rann ut på marki. Han gav han ikkje meir enn den eine styngen; for han døydde med ein gong. Sidan heldt Joab og Abisai, bror hans, ved og elte Seba Bikrison.
11Men ein av sveinane åt Joab vart standande innmed liket og ropa: Kven som held med Joab, og som vil David vel, fylgje Joab!
12Medan låg Amasa og valt i blodet sitt midt i ålmannvegen; alle som kom dit, vart standande, og då mannen såg at alt folket stana der, flutte han Amasa frå ålmannvegen burt på marki og kasta ei kappa yver han.
13Då liket soleis var havt burt frå ålmannvegen, for kvar mann framum og fylgde Joab medan han elte Seba Bikrison.
14Han for igjenom alle Israelsfylki til Abel og Bet-Ma'aka og heile Berim; og der og samla dei seg og fylgde han.
15So kom dei og kringsette han i Abel-Bet-Ma'aka; dei kasta upp ein voll som nådde heilt innåt ytre bymuren, og alt folket som var med Joab, dreiv på og øydela muren, so han skulde falla.
16Då var det ei klok kona som ropa frå byen: Høyr her! Høyr her! Bed Joab koma næmare, so eg fær tala med han.
17Då gjekk han burtåt henne, og kona spurde: Er du Joab? Han svara: Ja. Kona sa: Høyr kva tenestkvinna di hev å segja! Han svara: Ja vel.
18Då sa ho: Fyrr i tidi pla folk segja: Ein skal spyrja seg fyre i Abel, og so kunde dei gjera det som dei etla seg til.
19Eg er ein av dei fredsame og trufaste i Israel. Men no freistar du å gjera ende på ein by, ei mor i Israel. Kvifor vil du øyda Herrens eigedom?
20Joab svara: Nei då, nei då! Eg vil på ingen måte øyda eller tyna.
21Det hev seg ikkje so. Men ein mann frå Efra'imsheidi - Seba Bikrison heiter han - hev lyft handi si mot kong David. Lat meg berre få han, so skal eg draga burt frå byen. Då sa kona: Du skal få sjå korleis hovudet hans vert kasta ut til deg yver muren.
22So gjekk kona med si kloke råd til byfolket, og dei hogg hovudet av Seba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i luren, og dei drog burt frå byen og spreidde seg utyver; kvar for til sin heim. Sjølv for Joab attende til Jerusalem, til kongen.
23Joab var hovding yver heile Israels-heren, og Benaja Jojadason var hovding yver livvakti;
24Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde trælearbeid, og Josafat Akiludsson var sogeskrivar;
25Seja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar.
26Ira av Ja'irs-ætti var og prest hjå David.