1David mynstra herfolket sitt og sette hovdingar yver dei, sume yver tusund mann og sume yver hundrad mann.
2So sende han dei av stad, ein tridjepart under Joab, ein tridjepart under Abisai Serujason, bror åt Joab, og ein tridjepart under Ittai frå Gat. Og kongen sa til folket: Eg vil draga ut i striden i lag med dykk.
3Men folket svara: Du skal ikkje draga ut; for um me rømer, er det ingen som bryr seg um det, og um helvti av oss fell, so er det ingen som bryr seg um det heller; men du er jamgod med ti tusund av oss. Og no er det betre at du er budd til å koma oss til hjelp frå byen.
4Kongen sa: Eg skal gjera som de synest. Sidan stod han frammed porten medan alt folket drog ut, hundrad etter hundrad og tusund etter tusund.
5Då sa han til Joab og Abisai og Ittai: Far varleg med guten - med Absalom! Og heile heren høyrde på at kongen gav alle hovdingane dette påbodet um Absalom.
6So drog folket ut i marki mot Israels-mennene, og i Efra'imsskogen bar det i hop med dei.
7Der tapte Israels-heren for Davids menner, og det vart eit stort mannefall der den dagen - tjuge tusund mann.
8Striden spreidde seg yver heile landet der ikring, og skogen øydde meir folk den dagen enn sverdet hadde øydt.
9Absalom kom beint imot nokre av Davids menner; han reid på muldyret sitt, og muldyret kom inn under ei stor terebinta med ihopfløkte greiner, so hovudet hans sette seg fast i terebinta, og han vart hangande millom himmel og jord; for muldyret han reid på, sprang undan.
10Ein mann fekk sjå det og kom til Joab og sa: Eg såg Absalom hanga i terebinta der burte.
11Då sa Joab åt mannen som kom med tidendi: Men når du såg det, kvifor slo du han då ikkje ned på flekken? Då hadde eg lote gjeve deg ti sylvsekel og eit belte.
12Mannen svara: Um dei so vog meg ti tusund sylvsekel upp i neven, kunde eg ikkje lyfta handi mot son åt kongen; me høyrde då alle på at kongen sa til deg og Abisai og Ittai: Far varleg med guten, med Absalom, kven det so er av dykk!
13Men hadde eg fare løynskt åt og teke livet hans, so kunde det ikkje dyljast for kongen, det meir enn anna, men du kom nok til å halda deg undan.
14Då sa Joab: Eg kann ikkje standa her og heftast meg deg lenger. So treiv han tri kastespjot og rende dei i bringa på Absalom, medan han endå hekk levande i terebinta.
15Og ti hersveinar - våpensveinane åt Joab - kom innåt og gav Absalom banehogg.
16Då bles Joab i luren, og folket heldt upp å elta Israels-mennene; for Joab stagga dei.
17So tok dei og kasta Absalom nedi ei djup hola og hauga i hop ei ovstor steinrøys yver han. Men alle Israels-mennene rømde, kvar til sin heim.
18Absalom hadde, medan han endå levde, teke og reist ein minnestein åt seg - det er den som stend i Kongedalen; for han sa: Eg hev ingen son som kann halda uppe minnet um namnet mitt. Han gav minnesteinen namn etter seg, og sidan hev den steinen vore kalla Absaloms minne og heiter so enno i dag.
19Akima'as Sadoksson sa til Joab: Lat meg få springa av stad og bera det fagnadbodet til kongen at Herren hev hjelpt han so han hev fenge retten sin mot uvenene sine!
20Men Joab svara: Nei, i dag kann du ikkje bera noko fagnadbod. Ein annan dag kann du koma til å gjera det; men det bodet du kann bera i dag, er ikkje noko fagnadbod, sidan son åt kongen er avliden.
21So sa han til kusiten: Gakk og ber bod til kongen um det du hev set! Og kusiten bøygde seg for han og sprang av stad.
22Men Akima'as Sadoksson tok til ords att og sa til Joab: Det fær ganga som det kann - eg vil gjerne få springa av stad eg og, etter kusiten! Joab svara: Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje noko fagnadbod, som du kann venta løn for.
23Han sa: Det lyt ganga som det kann; eg spring av stad. Joab sa: So spring då! So sprang Akima'as av stad burtetter vegen som ber gjenom Jordansletta og kom fyre kusiten.
24Medan sat David i portromet. Vaktmannen gjekk uppå port-taket og burt på muren og såg utyver; då fekk han sjå ein kar som kom springande åleine.
25Vaktmannen ropa og sa frå um det til kongen. Då sa kongen. Er han åleine, so kjem han med eit fagnadbod. Karen kom næmare og næmare.
26Med ein gong fekk vaktmannen sjå ein annan kar som kom springande, og so ropa han ned til portnaren: Sjå, der kjem ein springande åleine! Kongen sa: Han og kjem med eit fagnadbod.
27Vaktmannen sa: Eg tykkjer den fyrste spring so likt Akima'as Sadoksson. Kongen svara: Han er ein god mann og kjem visst med ei god tidend.
28Akima'as ropa til kongen: Heil og sæl! So kasta han seg å gruve for kongen og sa: Lova vere Herren din Gud, at han let deg få tak på dei mennene som hadde lyft handi si mot deg, herre konge.
29Kongen spurde: Stend det vel til med guten - med Absalom? Akima'as svara: Eg såg det var eit stort uppstyr, då Joab sende den andre kongstenaren og meg, tenaren din, av stad; men eg veit ikkje kva det hadde på seg.
30Kongen sa: Gakk til sides og bia der! So gjekk hin til sides og vart standane der.
31Best det var kom kusiten. Han sa: Måtte det tekkjast deg, herre konge, og taka imot ei fagnadtidend! Herren hev i dag hjelpt deg til retten din mot alle dei som hadde reist seg mot deg.
32Kongen spurde: Stend det vel til med guten - med Absalom? Kusiten svara: Det vil eg ynskja uvenene dine, herre konge, og alle som reiser seg mot deg og vil gjera deg mein, at det må ganga dei so som det gjekk den sveinen!
33Då vart kongen so ille ved at han skalv. Han gjekk upp i høgstova yver porten og gret. Og alt medan han gjekk, ropa han: Min son Absalom! Min son, min son Absalom! Gjev eg hadde døytt i din stad. Absalom, min son, min son!