1Då Joab Serujason skyna at Davids hjarta drogst til Absalom,
2sende han bod etter ei viskona som åtte heime i Tekoa, og sa til henne: Kjære deg, laga deg som du hev sorg! Klæd deg i syrgjebunad, og lat vera å salva deg med olje! Te deg liksom ei kvinna som i lang tid hev syrgt på ein avliden mann!
3Gakk so inn til kongen og tala soleis til han! - so sa han henne fyre kva ho skulde segja.
4Tekoa-kona tala til kongen - ho kasta seg ned for han med andletet mot jordi og ropa: Hjelp, konge, hjelp!
5Kongen spurde: Kva er det som vantar deg? Ho svara: Ai ei, eg er enkja; mannen min er avliden.
6Tenestkvinna di hadde tvo søner; dei kom i tretta med kvarandre utpå marki, og det var ingen som kunde skilja dei åt. So hogg den eine til hin og drap han.
7Og no hev heile ætti reist seg mot tenestkvinna di og segjer: Kom hit med han som slo bror sin i hel! Me vil taka hans liv for livet åt bror hans som han drap; so fær me med same rudt ervingen or vegen. Soleis kjem dei til å sløkkja den siste glodi eg hev att, so det vert heiltupp ute med namnet og ætti åt mannen min på jordi.
8Då sa kongen til kona: Du kann ganga heim att! Eg skal gjeva fyresegn um det som lyt gjerast i saki di.
9Men kona svara: På meg, herre konge, og på farsætti mi fell skuldi; Kongen og kongsstolen skal vera saklause.
10Kongen sa: Talar nokon til deg, so kom hit med han! Han skal ikkje tidare ganga deg for nær.
11Då sa kona: Gjev kongen måtte koma i hug Herren sin Gud, so ikkje blodhemnaren fær valda endå meir ulukka, og dei ikkje fær rydja son min or vegen! Kongen svara: So visst som Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet åt son din.
12Då sa kona: Må eg få tala endå eit ord til deg, herre konge? Han svara: Tal du!
13So sa ho: Kvifor tenkjer du då soleis når det gjeld Guds folk! Etter det ordet kongen nyst hev tala, er det mest som han sjølv var saka, når han ikkje let den han hev støytt burt, koma heim att.
14For alle lyt me døy og verta liksom vatnet som er utrent marki og ikkje kann samlast upp att. Men Gud tek ikkje livet; han tenkjer ut råder, so ein som er burtstøytt, ikkje lenger skal vera burtstøytt frå han.
15Men at eg no er komi hit og ber fram denne saki for deg, herre konge, det er av di folket skræmde meg; då tenkte tenestkvinna di: Eg vil tala med kongen; han vil visst gjera det som eg bed han um;
16kongen vil nok høyra på meg og berga tenestkvinna si frå den mannen som vil rydja både meg og son min ut or Guds arv.
17Og so tenkte tenestkvinna di: Gjev eit ord frå deg, herre konge, måtte verta meg til trøyst! For du, herre konge, er som ein Guds engel til å lyda på alt, både godt og vondt. So vere då Herren din Gud med deg!
18Då tok kongen til ords att og sa til kona: Dyl ikkje for meg det som eg no vil spyrja deg um! Kona svara: Tala, herre konge!
19Kongen spurde: Hev ikkje Joab si hand med i alt dette? Kona svara: So visst som du lever, herre konge: Når du talar, herre konge, kann ingen koma utanum, korkje til høgre eller vinstre. Jau, det er Joab, tenaren din, som hev havt meg til å gjera dette og hev lagt alle desse ordi i munnen min.
20Det var av di han vilde få saki til å sjå annarleis ut, han gjorde so - han, Joab, tenaren din. Men du, herre, er vis, ja som Guds engel i visdom, so du veit alt som hender på jordi.
21So sa kongen til Joab: Vel, eg skal gjera so. Drag no av stad og henta guten - Absalom!
22Då kasta Joab seg ned med andletet mot jordi og velsigna kongen og sa: I dag skynar tenaren din at du hev godvilje for meg, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg.
23So gjorde Joab seg reidug og for til Gesur og kom attende til Jerusalem med Absalom.
24Men kongen sa: Han lyt taka heim til sitt eige hus; for mine augo må han ikkje koma. So tok Absalom heim til huset sitt og kom ikkje kongen for augo.
25So fager ein mann som Absalom fanst det ikkje i heile Israel, ingen som han vart prisa so høgt; frå hæl til haus fanst det ikkje lyte på han.
26Når han klypte håret sitt - og det gjorde han kvar gong eit år var lide; for det var han for tungt, so han laut klyppa det - so vog han det, og det vog tvo hundrad sekel etter kongeleg vekt.
27Absalom fekk tri søner og ei dotter; ho heitte Tamar og var ei fager kvinna.
28Absalom budde no tvo år i Jerusalem, men kom ikkje kongen for augo.
29So sende han bod etter Joab og vilde få han til å ganga til kongen; men Joab vilde ikkje koma til han. Han sende bod endå ein gong, men Joab vilde ikkje koma då heller.
30Då sa han til tenarane sine: De veit at tett innmed gjordet mitt hev Joab ein byggåker; gakk no av stad og set eld på den åkeren! So kveikte tenarane åt Absalom eld på åkeren.
31Då for Joab upp og gjekk heim til Absalom og sa til han: Kvifor hev tenarane dine sett eld på den åkeren som høyrer meg til?
32Absalom svara: Du veit eg sende bod til deg og bad deg koma hit, so eg kunde få deg til å ganga til kongen og segja han frå meg: Kvifor kom eg heim frå Gesur? Det vøre betre for meg um eg var der enno. Og no vil eg få te meg fram for kongen; er eg saka i noko brot, so fær han drepa meg.
33Då gjekk Joab inn til kongen og sa det til han. Kongen kalla Absalom til seg, og han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jordi, og kongen kysste han.