2 Samuel 12NO1938N

1So sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: Her var tvo menner som budde i same bygdi; den eine var rik, og den andre fatig.

2Den rike hadde sauer og naut i flokketal;

3den fatige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lamb, som han hadde kjøpt og ale; det voks upp hjå han saman med borni hans - åt av hans mat og drakk av hans skål og låg i hans fang og var som ei dotter for han.

4Ein dag kom det ein vegfarande mann til rikingen. Men han nentest ikkje taka nokon av sauene eller uksane sine og laga til åt ferdamannen som var komen til han - han tok lambet som armingen åtte, og laga det til åt gjesten.

5Då vart David brennande harm på den mannen, og han sa til Natan: So visst som Herren lever: Den mannen som det hev gjort, skal lata livet,

6og lambet skal han gjeva lika for fire gonger, sidan han for so ulikleg åt og var so hjartelaus.

7Natan svara: Den mannen er du sjølv. Høyr no kva Herren segjer, han som er Israels Gud: Eg salva deg til konge yver Israel og fria deg or hendene hans Saul.

8Eg gav deg huset åt herren din, og konone hans la eg i fanget ditt; eg gav deg både Israels hus og Judas hus, og var ikkje det nok, so skulde eg ha lagt attåt både eitt og hitt.

9Kvifor hev so du vanvyrdt Herrens ord og gjort det som vondt er i hans augo? Uria, hetiten, hev du slege i hel; kona hans hev du teke og gjort til di kona, og han hev du drepe med ammonitar-sverdet.

10So skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, etter di du vanvyrde meg og tok kona åt Uria, hetiten, so ho vart di kona.

11So segjer Herren: Sjå, eg let ulukke koma yver deg frå ditt eige hus; eg vil taka konone dine midt for augo dine og lata ein annan mann få dei, og han skal liggja med konone midt på ljose dagen.

12Du gjorde di gjerning i løynd, men det som eg hev sagt, skal ganga fyre seg midt for augo på heile Israel og medan soli skin.

13Då sa David til Natan: Eg hev synda mot Herren. Natan svara: So hev og Herren teke burt synda di; du skal ikkje døy.

14Men for di du hev gjeve Herrens fiendar årsak til å spotta med det du gjorde, so skal den sonen du hev fenge, ikkje njota livet.

15So gjekk Natan heim att. Og Herren let det koma ein hard sott på det barnet David hadde fenge med kona hans Uria.

16David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim um kvelden, la han seg på golvet, og der vart han liggjande heile natti.

17Dei eldste av husfolket hans kom og vilde få han til å reisa seg frå golvet; men han vilde ikkje, og ikkje åt han med dei heller.

18Sjuande dagen døydde barnet. Tenarane torde ikkje segja til David at guten var slokna; dei tenkte med seg: Når me tala til han medan guten levde, vilde han ikkje lyda på oss; korleis kann me då segja det til han at guten hev døytt? Han kunde gjera seg eitkvart ilt.

19Men David gådde at tenarane kviskra seg imillom, og han skyna at guten hadde døytt. So spurde han: Hev guten slokna? Dei svara: Ja.

20Då reis han upp frå golvet og tvo seg og salva seg og skifte klæde; so gjekk han inn i Herrens hus og tilbad. Då han kom heim att, kravde han etter mat; so sette dei fram mat for han, og han åt.

21Då sa mennene hans til han: Korleis er det du fer åt? Medan guten endå levde, fasta du og gret for hans skuld; men aldri so snart han hev slokna, so ris du upp og fær deg mat!

22Han svara: So lenge guten levde, fasta eg og gret; for eg tenkte med meg: Kven veit um ikkje Herren tykkjer synd i meg og let guten få leva?

23Men no som han hev døytt, kvifor skulde eg no fasta? Kann eg då henta han att? Eg lyt ein gong fara dit han er, men han kjem ikkje att til meg.

24David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og sov hjå henne. So fekk ho ein son; dei kalla han Salomo. Herren heldt av han

25og sende bod med Natan, profeten, som gav han namnet Jedidja, for Herrens skuld.

26Medan gjorde Joab åtak på Rabba i Ammonitarlandet og tok kongsbyen.

27So sende han bod til David med dei ordi: Eg hev gjort åtak på Rabba og hev teke vassbyen.

28Drag no du i hop alt herfolket som att er, og kringset byen og tak han! Elles kjem eg til å taka byen, og mitt namn vert nemnt yver han.

29Då drog David i hop alt herfolket og for til Rabba; og han gjorde stormlaup på byen og tok han.

30Han tok kruna åt kongen deira frå hovudet hans; ho var av gull og vog eit talent og var prydd med ein glimestein; no kom ho på Davids hovud. Uhorveleg mykje herfang tok han i byen og hadde det med seg heim.

31Folket som budde der, førde han ut og la dei under sager og treskjesledar av jarn og jarnøksar og let dei ganga gjenom tigl-omnar. So gjorde han med alle ammonitarbyane. Sidan for han med alt herfolket heim att til Jerusalem.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.