1Sidan bar det so til at ammonitarkongen døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.
2Då sa David: Eg vil visa Hanun Nahasson venskap, liksom far hans viste meg venskap. So sende han nokre av mennene sine, som skulde trøysta Hanun i sorgi etter faren. Då sendemennene åt David kom til Ammonitarlandet,
3sa ammonitarhovdingane åt Hanun, herren sin: Tenkjer du David vil æra far din med di han sender folk som skal trøysta deg? Tru det ikkje heller for di han vil ransaka byen og njosna han ut og so øydeleggja han, at han hev sendt mennene sine hit?
4Då tok Hanun sendemennene hans David og let raka av dei halve skjegget og klyppa av halve klædnaden deira alt upp åt seten og sende dei so frå seg.
5Med same David fekk spurt at mennene hadde vorte so stygt vanæra, sende han folk som skulde møta dei på vegen og segja frå kongen: Stana i Jeriko til skjegget dykkar hev vakse ut att, So kann de koma heim att!
6Ammons-borni skyna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende bod ikring og tinga hjelp: av syrarane i Bet-Rehob og syrarane i Soba tjuge tusund mann fotfolk og kongen i Ma'aka med tusund mann og tolv tusund mann frå Tob.
7Då David høyrde det, sende han Joab av stad med heile heren, alle dei djervaste stridsmennene.
8So drog Ammons-borni ut og fylkte seg framanfor byporten; men syrarane frå Soba og Rehob og Tob-mennene og Ma'aka-mennene stod for seg sjølve burtpå marki.
9Då Joab såg at dei budde seg til å taka på han både framantil og attantil, valde han ut ein flokk av alle dei beste stridsmennene i Israel og fylkte dei mot syrarane.
10Alt hit folket let han Abisai, bror sin, få hand yver og fylkte dei mot Ammons-borni.
11So sa han: Vinn syrarane på meg, so lyt du koma meg til hjelp, og vinn Ammons-borni på deg, so skal eg koma og hjelpa deg.
12Ver uredd, og lat oss syna oss uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud, so fær Herren gjera som han tykkjer er best!
13So gjekk Joab fram med fylkingi si og stridde mot syrarane, og dei rømde for han;
14og då Ammons-borni såg at syrarane rømde, so rømde dei og for Abisai og drog seg inn i byen. Då vende Joab att frå striden mot Ammons-borni og for heim til Jerusalem.
15Som no syrarane såg at dei hadde tapt for Israel, samla dei seg i hop att.
16Hadadeser baud ut dei syrarane som budde på hi sida elvi, og dei drog fram til Helam; Sobak, herhovdingen åt Hadadeser, styrde herferdi.
17Då David fekk bod um det, stemnde han saman heile Israel og gjekk yver Jordan og drog fram mot Helam. Då han kom dit, fylkte syrarane heren sin mot han, og det bar i hop med dei.
18Men syrarane rømde for Israel, og David drap mannskapet på sju hundrad vogner for dei og felte fyrti tusund hestfolk; Sobak, herhovdingen deira, fekk og sin bane der.
19Då alle lydkongane åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for Israels-mennene, gjorde dei fred med dei og gav seg under dei, og sidan torde ikkje syrarane hjelpa Ammons-borni meir.