1Ein dag sa profetsveinane til Elisa: Du ser vel at huset me set i her hjå deg, er for trongt åt oss.
2Kjære, lat oss få ganga ned til Jordan og henta kvar sin bjelke og so byggja oss eit hus der som me kann halda til i! Han svara: Gjer so!
3Då sa ein av dei: Gjer vel og gakk med oss, meister! Han svara: Eg skal so.
4So gjekk han med dei, og då dei kom til Jordan, tok dei til å hogga timberet.
5Men best so ein av dei heldt på å fella bjelken sin, datt øksi i vatnet. Då ropa han: Ai ei, meister! Og eg som hadde lånt henne!
6Gudsmannen spurde: Kvar datt ho av? Sveinen synte han staden. Då hogg han av eit trestykke og kasta dit og fekk øksi til å fljota upp.
7So sa han: Tak henne! Og sveinen rette ut handi og tok øksi.
8Kongen i Syria hadde ufred med Israel, og han samrådde seg med mennene sine og sa: På den og den staden skal lægret mitt vera.
9Men gudsmannen sende bod til Israels-kongen og sa: Vara deg so du ikkje fer framum den staden! For der vil syrarane fara ned.
10So sende Israels-kongen folk ned til den staden som gudsmannen hadde nemnt for han og vara han for, og han akta seg der. Soleis gjekk det ikkje berre ein gong, men mange gonger.
11Dette volde syrarkongen stor uro. Han kalla i hop mennene sine og sa til dei: Kann de ikkje segja meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?
12Då svara ein av mennene hans: Det hev seg ikkje so, herre konge; det er Elisa, profeten i Israel, som kunngjer for Israels-kongen kvart ord du talar i soveromet ditt.
13Kongen sa: Gakk av stad og få greida på kvar han er, so vil eg senda folk dit og taka han! Dei kom att og sa frå at han var i Dotan.
14Dit sende so kongen hestar og vogner og ein stor herstyrke; dei kom der med natti og kringsette byen.
15Tidleg andre morgonen då sveinen åt gudsmannen reis upp og gjekk ut, fekk han sjå at det låg ein her med hestar og vogner rundt ikring byen. Då sa sveinen: Ai ei, meister! Kva skal me no gjera?
16Han svara: Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei.
17So bad Elisa og sa: Å Herre, lat upp augo hans, so han kann sjå! Då let Herren upp augo på sveinen, og han fekk sjå att fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisa.
18No kom syrarane ned mot Elisa. Då bad han til Herren og sa: Å Herre, vil du ikkje vildra synet på dette folket! Då gjorde Herren det som Elisa bad um, og vildra syni deira.
19So sa Elisa til dei: Dette er ikkje rette vegen og ikkje rette byen. Kom med meg, so skal eg fylgja dykk til den mannen de leitar etter! So for han til Samaria med dei.
20Då dei kom dit, bad han: Herre, lat upp augo deira, so dei kann sjå! Då let Herren upp augo deira, og dei såg at dei var midt i Samaria.
21Då Israels-kongen fekk sjå dei, sa han til Elisa: Skal eg hogga dei ned, far? - skal eg?
22Han svara: Nei, det skal du ikkje. Høgg du då ned dei som du hev herteke med sverd eller boge? Set fram mat og drikke åt dei, so dei kann fara mette og utyrste attende til herren sin!
23Då gjorde han eit gildt gjestebod for dei, og då dei hadde ete og drukke, let han dei fara attende til heren sin. Sidan kom det ikkje fleire herjeflokkar inn i Israelslandet frå Syria.
24Då det leid um ei tid, hende det at Benhadad, kongen i Syria, stemnde i hop heile heren sin og drog upp og kringsette Samaria.
25Og det vart slik svolt og naud i Samaria medan dei låg der kringum byen, at eit asenhovud kosta til sist åtti sylvsekel, og fjordeparten av ein kab duvemøk fem sylvsekel.
26Som Israels-kongen ein dag gjekk att og fram uppå muren, var det ei kvinna som ropa til han: Hjelp, herre konge!
27Han svara: Hjelper ikkje Herren deg, kvar skal so eg henta hjelp frå? Kann henda frå treskjevollen eller frå vinpersa?
28So spurde kongen: Kva er i vegen med deg? Ho svara: Denne kvinna her sa til meg: Kom hit med son din og lat oss eta han i dag, so skal me eta min son i morgon.
29So koka me son min og åt han. Andre dagen sa eg til henne: Kom hit med son din og lat oss eta han! Men då løynde ho han undan.
30Då kongen høyrde det kvinna sa, reiv han sund klædi sine, der han gjekk att og fram uppå muren; då såg folk at han gjekk med berre sekkety innanfor på berre lekamen.
31So sa han: Gud late meg bøta både no og sidan um hovudet fær sitja på Elisa Safatsson dagen ut!
32Medan sat Elisa heime i huset sitt, og styresmennene sat der hjå han. Kongen sende ein mann dit fyre seg; men fyrr mannen kom fram, sa Elisa til styresmennene: Ser de at denne mordarsonen hev sendt ein mann hit som skal hogga hovudet av meg? Sjå no til når denne mannen kjem, at de let døri vel att og stengjer han ute! Men kva høyrer eg no - er det ikkje fotstegi åt herren hans, som kjem etter han?
33Medan han endå tala med dei, kom mannen ned til han. Då sa han: Sjå for ei ulukka Herren hev sendt! Kvifor skulde eg då lenger bia på Herren?