2 Kings 24NO1938N

1I hans tid gjorde Nebukadnesar, Babel-kongen, ei herferd, og Jojakim gav seg under han og lydde han i tri år; so fall han ifrå han att.

2Då sende Herren herjeflokkar imot han - kaldearar og syrarar og Moab-menner og Ammons-søner; han sende dei mot Judalandet av di han vilde leggja det i øyde; for so lydde det ordet som Herren hadde tala gjenom tenarane sine, profetane.

3Det var berre av di Herren hadde sagt so, at dette kom yver Juda-folket - av di han vilde skuva dei burt ifrå seg for skuld syndene hans Manasse, til bot for alt det han hadde gjort,

4so og for det skuldlause blodet han hadde late renna, so han fyllte Jerusalem med skuldlaust blod. Alt det vilde Herren ikkje tilgjeva.

5Det som meir er å segja um Jojakim og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

6So for Jojakim til federne sine, og Jojakin, son hans, vart konge etter han.

7Men kongen i Egyptarland drog ikkje ut or landet sitt meir; for kongen i Babel hadde teke alt land som hadde lege under egyptarkongen, frå Egyptarlands-bekken til Fratelvi.

8Jojakin var attan år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i tri månader. Mor hans heitte Nehusta; ho var dotter åt Elnatan og var frå Jerusalem.

9Han gjorde det som Herren mislika, heiltupp liksom far hans.

10På den tid drog mennene åt Nebukadnesar, kongen i Babel, mot Jerusalem, og byen vart kringsett.

11Sidan kom kong Nebukadnesar sjølv til byen, medan mennene hans låg der utanikring.

12Då gjekk Jojakin, Juda-kongen, ut til Babel-kongen med mor si og tenarane og hovdingane og hirdmennene sine, og Babel-kongen tok han til fange i åttande året av kongedømet sitt.

13Han førde burt alle skattane som fanst i Herrens hus og i kongsgarden, og braut gullet av alle gognene som Salomo, Israels-kongen, hadde laga åt Herrens tempel - det gjekk som Herren hadde sagt.

14Han førde burt heile Jerusalem, alle hovdingane og rikmennene - ein fangeflokk på ti tusund mann - og alle timbremenner og steinhoggarar og smedar; det var berre dei ringaste av landslyden som vart att.

15Han landlyste Jojakin og førde han til Babel; og mor åt kongen og konone åt kongen og hirdmennene hans og dei gjævaste mennene i landet førde han burt og tvinga dei til å flytja frå Jerusalem til Babel.

16Og alle rikmennene - sju tusund i talet - og timbremennene og steinhoggarane og smedane - eit tusund - alle saman djerve stridsmenner, dei og flutte Babel-kongen til Babel.

17Og i staden for Jojakin sette han Mattanja, farbror hans, til konge, men brigda namnet hans til Sedekias.

18Sedekias var ein og tjuge år då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamital; ho var dotter åt Jirmeja og var frå Libna.

19Han gjorde det som Herrens mislika, heiltupp liksom Jojakim.

20For det var for Herrens vreide skuld det gjekk som det gjorde med Jerusalem og Juda, til dess han kasta dei burt frå si åsyn. Um ei tid sa Sedekias seg laus frå Babel-kongen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.