2 Kings 18NO1938N

1Det var i tridje året av Hosea Elasons kongedøme i Israel at Esekias, son åt Akas, Juda-kongen, vart konge.

2Han var fem og tjuge år gamal då han tok styret, og sat ni og tjuge år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Abi og var dotter åt Sakarja.

3Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heiltupp soleis som David, ættefaren hans.

4Han la ned offerhaugane og slo sund biletsteinane og hogg ned Astarte-biletet og knasa koparormen som Moses hadde laga; for alt til den tid hadde Israels-borni brent røykjelse for han; dei kalla han Nehustan.

5Til Herren, Israels Gud, sette han si lit. Det hev ikkje vore hans like millom alle Juda-kongane som kom etter han, og ikkje millom dei som var fyre han heller.

6Han heldt seg trutt til Herren og veik ikkje frå han - han heldt dei bodi som Herren hadde kunngjort for Moses.

7Og Herren var med han; i alt han tok seg fyre, stelte han seg visleg. Han sette seg upp imot assyrarkongen og vilde ikkje standa under han lenger.

8Han vann på filistarane og hertok landet deira alt til Gasa og bygdene som ligg ikring, med både vakttårn og faste byar.

9I fjorde året av Esekias' kongedøme, som var sjuande året av kongedømet åt Hosea Elason i Israel, bar det so til at Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei herferd mot Samaria og kringsette borgi,

10og då tri år var lidne, tok dei henne. Det var i sette året av kongedømet åt Esekias og niande året av Hoseas kongedøme i Israel at Samaria vart teke.

11Assyrarkongen førde Israel burt til Assyria og flutte dei til Halah og til Habor, ei å i Gosan, og til byane i Media.

12So gjekk det dei for di dei ikkje lydde etter Herren sin Guds røyst, men braut hans pakt - alt det som Moses, Herrens tenar, hadde sett dei fyre; ikkje høyrde dei på det, og ikkje heldt dei seg etter det.

13I fjortande året av kongedømet åt Esekias drog Sankerib, kongen i Assyria, mot alle faste byar i Judariket og hertok dei.

14Då han var komen til Lakis, sende Esekias, Juda-kongen, bod til han med dei ordi: Eg hev synda; vend um og lat meg vera i fred! Det du legg på meg, skal eg bera: So kravde assyrarkongen tri hundrad talent sylv og tretti talent gull av Esekias, Juda-kongen.

15Og Esekias reidde ut alt sylvet som fanst i Herrens hus og i skattkammeri i kongsgarden.

16Same gongen braut han gullet av dørene i Herrens tempel og av dørstolpane som han sjølv hadde klædt med gull, og gav det til assyrarkongen.

17Men assyrarkongen sende Tartan og Rabsaris og Rabsake med ein stor her frå Lakis mot kong Esekias i Jerusalem. Dei for upp til Jerusalem, og då dei var komne dit, stana dei innmed vassleidingi frå Øvredammen, attmed alfarvegen til Vaskarvollen.

18So ropa dei på kongen; då gjekk Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, ut til dei saman med Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren.

19Og Rabsake sa til dei: Seg til Esekias: So segjer storkongen, kongen i Assyria: Kva er det for ei trygd du trøystar deg med?

20Du segjer - men det er berre tome ord -: Her er klokskap og styrke nok til krig. Kven er det då du lit på, sidan du hev sett deg upp imot meg?

21Ja, eg veit nok du set di lit til Egyptarland, den brotne røyrstaven, som sting hol i handi på alle som styd seg på han; soleis er Farao, egyptarkongen, for alle dei som lit på han.

22Men svarar de meg: Det er Herren vår Gud me lit på - var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Esekiel fekk burt, då han sa til Juda og Jerusalem: Framfor dette altaret er det de skal tilbeda, her i Jerusalem?

23Men kom no og gjer eit veddemål med herren min, kongen i Assyria: Eg skal gjeva deg tvo tusund hestar i fall du kann finna ridarar til dei.

24Korleis skulde du då kunna driva attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Difor lit du på Egyptarland og vonar du skal få vogner og hestfolk derifrå.

25Trur du då det er mot Herrens vilje eg hev drege mot denne staden og vil leggja han i øyde? Nei, Herren hev sjølv sagt til meg: Drag ut imot dette landet og legg det i øyde!

26Då sa Eljakim Hilkiasson og Sebna og Joah til Rabsake: Gjer vel og tala til tenarane dine på syrisk! For me skynar det. Tala ikkje til oss på jødisk, so folket som stend på muren, høyrer det!

27Men Rabsake svara: Tru det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg for å segja dette? Er det ikkje heller til dei mennene som sit på muren og snart lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn liksom de sjølve?

28So steig han fram og ropa med høg røyst på jødisk: Høyr eit ord av storkongen, kongen i Assyria!

29So segjer kongen: Lat ikkje Esekias få dåra dykk! For han er ikkje god til å berga dykk ut or hendene hans.

30Lat ikkje Esekias få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: Herren vil nok hjelpa oss, og denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.

31Høyr ikkje på Esekias! For so segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg og kom ut til meg, so skal de fritt få eta kvar av sitt vintre og sitt fiketre og drikka vatn kvar or sin brunn,

32til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige land - eit land med korn og druvesaft, med brød og vinhagar, med oljetre og honning, so de kann leva og ikkje tarv døy! Men høyr ikkje på Esekias når han lokkar dykk og segjer: Herren vil berga oss!

33Hev vel nokon av gudane åt hine folki berga sitt land for kongen i Assyria?

34Kvar var gudane åt Hamat og Arpad? Kvar var gudane åt Sefarva'im og Hena og Ivva? Berga Samaria-gudane Samaria ut or hendene mine?

35Kven var det av alle gudane kring i landi som berga landet sitt for meg? Skulde so Herren kunna berga Jerusalem ut or hendene mine?

36Folket tagde og svara han ikkje eit ord; for so lydde bodet kongen hadde gjeve: De skal ikkje svara han.

37Men Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren, kom med sundrivne klæde heim til Esekias og bar fram til han ordi hans Rabsake.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.