2 Corinthians 9NO1938N

1For å skriva til dykk um hjelpi til dei heilage, det treng eg ikkje;

2for eg kjenner dykkar viljuge hug, som eg rosar dykk for hjå makedonarane, med di eg segjer: Akaia hev vore reidugt alt frå i fjor; og ihugen dykkar tilskunda so mange andre.

3Men eg sender brørne, so ikkje vår ros yver dykk skal verta til inkjes i dette stykket; for, som eg fyrr hev sagt, eg vil at de skal vera reiduge,

4so me - um eg ikkje skal segja de sjølve - ikkje skal få skam av denne tiltrui når det kjem makedonarar med meg og finn dykk uferdige.

5Difor fann eg det naudsynleg å telja brørne til å fara i fyrevegen til dykk og fyreåt skipa til den gåva som de fyrr hev lova, so at ho kann vera ferdig som ei velsigning, og ikkje som ei karg gåva.

6Men det segjer eg: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta, og den som sår med velsigningar, skal og hausta med velsigningar.

7Kvar gjeve so som han set seg fyre i hjarta, ikkje med sut eller av tvang! For Gud elskar ein glad gjevar.

8Og Gud er mektig til å gjeva dykk all nåde i rikt mål, so de i alle ting alltid kann hava all nøgd og vera rike til all god gjerning,

9som skrive stend: Han strøydde ut, han gav dei fatige; hans rettferd vert verande i all æva.

10Og han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal og gjeva dykk sæde og lata det aukast og gjeva vokster til fruktene av dykkar rettferd,

11med di de i alt vert rike til all ærleg kjærleik, som ved oss verkar takk til Gud.

12For den hjelpi de gjev med denne tenesta, råder ikkje berre bot på naudi hjå dei heilage, men ber og rik frukt med takk til Gud ifrå mange;

13for ved det hjartelaget som denne hjelpi syner, kjem dei til å prisa Gud for dykkar lydnad til å sanna Kristi evangelium og for den ærlege kjærleiken som syner seg i dykkar samfund med dei og med alle,

14med di dei og på si sida bed for dykk og lengtar etter dykk for den Guds nåde som er so ovrik yver dykk.

15Gud vere takk for si usegjelege gåva!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Corinthians 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.