1Men som medarbeidarar legg me dykk og på hjarta at de ikkje til unyttes må taka imot Guds nåde.
2For han segjer: I den tid som meg tektest, bønhøyrde eg deg, og på frelsedagen hjelpte eg deg. Sjå, no er det tid som tekkjest vel, sjå, no er det frelsedagen!
3Og me gjev ikkje meinstøyt i nokon ting, so ikkje tenesta skal verta lasta,
4men i alt viser me oss som Guds tenarar: ved stort tolmod i trengslor, i naud, i hugverk,
5under slag, i fengsel, i upprør, i strengt arbeid, i vaking, i fasta;
6ved reinleik, ved skynsemd, ved langmod, ved godleik, ved den Heilage Ande, ved uskrymta kjærleik,
7med sannings ord, med Guds kraft, med rettferds våpen på høgre og vinstre sida;
8i æra og vanæra, med lastord og lovord, som villførande og endå sannferdige,
9som ukjende og endå velkjende, som døyande, og sjå, me lever! som dei som vert refste, men ikkje ihelslegne,
10som syrgjande, men alltid glade, som fatige, som like vel gjer mange rike, som dei som inkje hev og endå eig alt.
11Vår munn er upplaten mot dykk, korintarar, vårt hjarta hev vidka seg ut.
12De hev ikkje trongt rom hjå oss, men det er trongt i dykkar hjarto.
13Men til likt vederlag - eg talar som til born -: vidka de og ut dykkar hjarto!
14Gakk ikkje i framandt åk med vantruande! For kva samlag hev rettferd med urett? eller kva samfund hev ljos med myrker?
15Og kva samklang er det millom Kristus og Belial? eller kva lut hev ein truande med ein vantruande?
16Og kva semja hev Guds tempel med avgudar? For me er den levande Guds tempel, som Gud sa: Eg vil bu og ferdast millom dei, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
17Difor, gakk ut frå dei og skil dykk frå dei, segjer Herren, og rør ikkje noko ureint, so skal eg taka imot dykk,
18og eg skal vera ein far for dykk, og de skal vera mine søner og døtter, segjer Herren, den Allmektige.