1Eg lyt rosa meg endå det ikkje er gagnleg; men eg kjem no til syner og openberringar av Herren.
2Eg kjenner eit menneske i Kristus - um han var i lekamen, det veit eg ikkje, eller utanfor lekamen, det veit eg ikkje, Gud veit det - ein som for fjortan år sidan vart rykt inn i den tridje himmelen.
3Og eg kjenner dette mennesket, - um han var i lekamen eller utanfor lekamen, det veit eg ikkje, Gud veit det -
4han vart rykt inn i Paradis og høyrde usegjelege ord, som eit menneske ikkje hev lov å tala.
5Av dette vil eg rosa meg; men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.
6For um eg vil rosa meg, vert eg ikkje uvitug, for sanning kjem eg til å segja; men eg let det vera, so ingen skal tenkja større um meg enn som han ser meg eller høyrer av meg.
7Og for at eg ikkje skal ovmoda meg av dei høge openberringar, hev eg fenge ein tagg i kjøtet, ein Satans engel, som skal slå meg, so eg ikkje skal ovmoda meg.
8Um denne bad eg Herren tri gonger at han måtte vika frå meg;
9og han sa til meg: Min nåde er nok åt deg; for mi kraft vert fullenda i vanmakt. Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, so Kristi kraft kann bu i meg.
10Difor er eg vel til mods midt i vanmakt, i valdsverk, i naud, i forfylgjing, i trengslor for Kristi skuld. For når eg er vanmektig, då er eg sterk.
11Eg hev vorte uvitug; de hev tvinga meg til det. For eg skulde havt lovord av dykk; eg var då ikkje i noko mindre mann enn dei ovstore apostlane, endå eg er ingen ting.
12Dei teikn som er kjennemerke på ein apostel, vart i vissa gjorde hjå dykk i alt tolmod, både med teikn og under og kraftige verk.
13For kva var det de vart haldne ringare i enn dei andre kyrkjelydane, utan i det at eg ikkje var dykk til tyngsla? Tilgjev meg den uretten!
14Sjå, tridje gongen er eg buen til å koma til dykk, og eg skal ikkje vera dykk til tyngsla; for eg søkjer ikkje dykkar gods, men dykk sjølve. Det er då ikkje borni som skal sanka skattar til foreldri, men foreldri til borni.
15Men eg vil gjerne ofra, ja verta ofra for sjelene dykkar, um eg enn vert mindre elska di meir eg elskar dykk.
16Men lat so vera at eg ikkje var dykk til tyngsla, men eg var svikfull og tok dykk med list!
17Søkte eg vel vinning av dykk ved nokon av dei som eg sende til dykk?
18Eg talde Titus til å sende med han bror vår. Hev Titus søkt vinning av dykk? For me ikkje fram i den same ånd? ikkje i dei same fotfar?
19Longe hev de tenkt at det er for dykk me forsvarar oss. Nei, det er for Guds åsyn me talar i Kristus; men alt til dykkar uppbyggjing, mine kjære!
20For eg ottast at når eg kjem, skal eg ikkje finna dykk slike som eg vil, og at eg skal verta funnen av dykk slik som de ikkje vil - at der skal vera kiv, ovund, vreide, usemja, baktale, drøsor, ovmod, utstyr -
21at når eg kjem, skal min Gud atter audmykja meg hjå dykk, og eg skal koma til å syrgja yver mange av dei som fyrr synda og ikkje hev umvendt seg frå den ureinskap og lauslivnad og used som dei dreiv.