2 Chronicles 29NO1938N

1Esekias tok styret då han var fem og tjuge år gamal, og han sat konge i Jerusalem i ni og tjuge år. Mor hans heitte Abia Sakarjadotter.

2Han gjorde det som rett var i Herrens augo, heiltupp soleis som David, ættefaren hans, hadde gjort.

3I fyrste året av kongedømet sitt, i fyrste månaden, opna han att dørene til Herrens hus og sette dei i stand.

4So sende han bod etter prestane og levitane og samla dei på den opne plassen i aust

5og sa til dei: Høyr på meg, de levitar! Helga no fyrst dykk sjølve, og helga so huset åt Herren, dykkar fedre-Gud, og få ureinskapen burt or heilagdomen!

6For federne våre hev fare svikfullt åt og gjort det som var Herren vår Gud imot, og skilt seg ifrå han. Dei hev vendt andletet burt frå Herrens tabernakel og snutt ryggen til han.

7Dei hev jamvel stengt dørene til forhalli og sløkt lampone; ikkje hev dei brent røykjelse og ikkje bore fram brennoffer for Israels Gud i heilagdomen.

8Difor er Herrens vreide komen yver Juda og Jerusalem, og han hev gjeve dei yver til skamføring og tyning og spott, soleis som de ser det med eigne augo.

9Difor er federne våre er falne for sverdet, og sønene og døtterne og konone våre er hertekne og burtførde.

10Men no driv hugen meg til å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, so den brennande harmen hans kann venda seg ifrå oss.

11So lat det no ikkje skorta dykk på ihuge, sønene mine! For dykk hev Herren kåra til å standa framfor åsyni hans og tena han - til å vera tenarane hans og brenna røykjelse for han.

12Då tok levitane på med arbeidet - det var Mahat Amasaison, og Joel Asarjason av kahatit-ætti, og av Merari-ætti Kis Abdison, og Asarja Jehallelelsson og av gersonitane Joah Simmason, og Eden Joahsson,

13av Elisafans ætt Simri og Je'uel, og av Asafs ætt Sakarja og Mattanja,

14og av Hemans ætt Jehuel og Sime'i, og av Jedutuns ætt Semaja og Ussiel.

15Dei samla yrkesbrørne sine og helga seg og gjekk so inn og reinsa Herrens hus, soleis som kongen hadde sagt dei til etter Herrens ord.

16Prestane gjekk innar i Herrens hus for å reinsa det, og alt ureint som dei fann i Herrens tempel, hadde dei ut i fyregarden; der tok levitane imot det og bar det ut til Kidronsbekken.

17Det var den fyrste dagen i den fyrste månaden dei tok til å helga seg. Åttande dagen gjekk dei inn i Herrens forhall og helga so Herrens hus i åtte dagar. Sekstande dagen i fyrste månaden var dei ferdige.

18So gjekk dei inn til kong Esekias og sa: No hev me reinsa heile Herrens hus og brennofferaltaret med alt som til høyrer, og skodebrødsbordet med alt som til høyrer,

19og alle dei koppar og reidskapar som kong Akas i sin utruskap hadde vanhelga medan han rådde for riket, dei hev me vølt og helga, og no stend dei framfor Herrens altar.

20Tidleg andre morgonen samla kong Esekias dei fremste mennene i byen og gjekk upp til Herrens hus.

21Dit kom dei med sju uksar og sju verar og sju lamb og sju geitebukkar til syndoffer for riket og for heilagdomen og for Juda-folket, og kongen baud Arons-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar.

22Dei slakta då fyrst uksane, og prestane tok imot blodet og skvette det på altaret; so slakta dei verane og skvette blodet på altaret, og so slakta dei lambi og skvette blodet på altaret.

23Sidan leidde dei syndoffer-bukkane fram for kongen og lyden, og dei la hendene sine på dei,

24og prestane slakta dei og hadde blodet deira på altaret som syndoffer, til soning for heile Israel; for kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulde vera for heile Israel.

25Samstundes let han levitane stella seg upp i Herrens hus med cymblar og harpor og citarar, som David og Gad, sjåaren åt kongen, og Natan, profeten, hadde sagt fyre; for det var Herren sjølv som hadde gjeve denne fyresegni gjenom profetane sine.

26So stod då levitane der med Davids spelgogner og prestane med lurane.

27Då baud Esekias at brennofferet skulde ofrast på altaret, og i det same ofringi byrja, tok og songen for Herren lurane til å ljoma, saman med spelgognene åt David, Israels konge.

28Og heile lyden låg på kne medan songen let og lurane ljoma. Soleis heldt det ved til ofringi var enda.

29Då dei var komne til endes med ofringi, la dei seg på kne og tilbad, både kongen og alle dei som var der saman med han.

30Og kong Esekias og hovdingane baud at levitane skulde syngja Herrens lov med ordi åt David og Asaf, sjåaren; då lova dei han med frygd og bøygde seg djupt og tilbad.

31So tok Esekias til ords og sa: No hev de fyllt handi dykkar for Herren. Kom no hit og hav med dykk slaktoffer og takkoffer til Herrens hus! Då kom lyden med slaktoffer og takkoffer, og alle som kjende seg drivne til det i hjarta, kom med brennoffer.

32Talet på brennofferi som lyden bar fram, var: sytti uksar og hundrad verar og tvo hundrad lamb. Alt dette var etla til brennoffer for Herren.

33Dei andre offeri som vart framborne, var seks hundrad naut og tri tusund sauer og geiter.

34Men prestane var for få til å flå alle brennofferi; difor fekk dei hjelp av levitane, yrkesbrørne sine, til dess arbeidet var frå-seg-gjort, og alle prestane hadde helga seg; for levitane hadde synt ærlegare vilje til å helga seg enn prestane.

35So var det då og ei mengd med brennoffer, og attåt det kom feittstykki av takkofferi og like eins drykkofferi som høyrde til brennofferi. Soleis kom tenesta i Herrens hus i rette laget.

36Og Esekias og heile folket gledde seg yver det som Gud hadde gjort for folket; for alt dette var kome so brått.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.