2 Chronicles 2NO1938N

1Salomo rådde seg no til å byggja eit hus for Herrens namn og eit hus åt seg sjølv til kongsgard.

2Han tok ut sytti tusund mann som skulde vera berarar, og åtti tusund som skulde hogga stein i fjelli, og tri tusund og seks hundrad som skulde hava tilsyn med dei.

3So sende han bod til Huram, kongen i Tyrus, og let segja: Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre, so han kunde byggja seg eit hus til å bu i!

4No hev eg etla meg til å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud og helga det til han, so me kann brenna angande røykjelse for hans åsyn og leggja fram dei daglege skodebrødi og ofra brennoffer morgon og kveld på sabbatane og nymåne-dagane og på høgtidene åt Herren vår Gud - det kviler for tid og æva på Israel.

5Det huset eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.

6Men kven maktast vel byggja han eit hus? Himlane og himle-himlane rømer han ikkje. Kven er då eg, at eg skulde byggja han eit hus? Eg vil berre brenna røykjelse for hans åsyn.

7So send meg då ein mann som er hag til å arbeida i gull og sylv og kopar og jarn og i purpurraud og karmosinraud og blå ull, og som skynar seg på å skjera ut bilete; han skal arbeida i lag med dei hage mennene som er her hjå meg i Judalandet og Jerusalem, og som David, far min, hev etla til dette.

8Send meg so og seder- og cypresstimber og sandeltre frå Libanon! For eg veit at folki dine skynar seg på å hogga Libanon-timberet, og mine folk skal arbeida i lag med dine,

9so eg kann få timber i haugetal; for det huset eg vil byggja, skal vera stort og gildt.

10Og timberhoggarane, folki dine som feller trei, gjev eg tjuge tusund kor treskt kveite og tjuge tusund kor bygg og tjuge tusund bat vin og tjuge tusund bat olje.

11Huram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende åt Salomo: Det må vera av di Herren hev folket sitt kjært, at han hev sett deg til konge yver dei.

12Og framleides skreiv han so: Lova vere Herren, Israels Gud, han som hev skapt himmelen og jordi, for di han hev gjeve kong David ein vis son, som hev slik visdom og so godt skyn at han kann byggja eit hus åt Herren og eit hus åt seg sjølv til kongsgard.

13No sender eg deg ein hag mann med godt skyn - Huram, ein meister som er i mi tenesta.

14Han er son åt ei kvinna av Dans-ætti, men far hans er ein Tyrus-mann. Han er hæv til å arbeida i gull og sylv og kopar og jarn og stein og tre og i purpurraud og blå ull og kvit bomull og karmosinraud ull, og kann skjera ut allslags bilete og tenkja ut alle dei kunstverk dei gjev han å gjera, saman med kunstmennene dine og kunstmennene åt min herre David, far din.

15No kann du, herre, senda tenarane dine kveiten og bygget, oljen og vinen som du hev tala um,

16so skal me hogga timber for deg på Libanon, so mykje som du treng, og føra det i flotar på havet til Joppe; sidan kann du sjølv syta for å få det upp til Jerusalem.

17So tok Salomo tal på alle dei framande mennene som budde i Israelslandet, etter den teljingi som David, far hans, hadde late gjera; då synte det seg at det var hundrad og tri og femti tusund og seks hundrad mann.

18Av dei tok han sytti tusund til berarar; åtti tusund sette han til å hogga stein i fjellet og tri tusund og seks hundrad til formenner, som skulde sjå etter at folki gjorde arbeidet sitt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.