Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Samuel 8

:
Norwegian - NO1938N
1 Sidan vann David filistarane og døyvde dei - han tok hovudstadstaumane ut or hendene deira.
2 Moabitane vann han og og mælte dei med ei snor - han baud dei leggja seg ned jordi og mælte so ut tvo snorlengder med folk som skulde drepast, og ei full snorlengd med folk som skulde leva; gav moabitane seg under David og laut svara skatt.
3 Like eins vann David Hadadeser Rehobsson, kongen i Soba, han drog av stad og vilde vinna att makti si ved elvi.
4 David tok ifrå han syttan hundrad mann av hestfolket og tjuge tusund av fotfolket; vognhestane skar han av hasane og sparde ikkje att meir enn hundrad av dei.
5 syrarane frå Damaskus kom og vilde hjelpa Hadadeser, kongen i Soba, felte David tvo og tjuge tusund mann av heren deira;
6 sidan la David hervakter i Damaskus-Syria, og syrarane gav seg under han og laut svara skatt. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
7 David tok dei gullskjoldane som Hadadeser-mennene hadde bore, og hadde dei med seg til Jerusalem.
8 Og frå Betah og Berotai, byane åt Hadadeser, tok kong David uhorveleg mykje kopar.
9 To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde gjort ende heile Hadadeser-heren,
10 sende han Joram, son sin, til kong David - han skulde helsa han og ynskja han til lukka med di han hadde vunne i striden mot Hadadeser; for Hadadeser hadde stødt lege i ufred med To'i. Han hadde med seg eigneluter av sylv og gull og kopar.
11 Dei og helga kong David til Herren i hop med det sylvet og gullet han helga av herfanget frå alle dei heidningfolki han hadde lagt under seg;
12 frå Syria og frå Moab og frå Ammons-borni og frå filistarane og frå amalekitane og av herfanget frå Hadadeser Rehobsson, kongen i Soba.
13 Eit stort namn vann David han heimvegen frå syrar-slaget slo attan tusund mann i Saltdalen.
14 Han la hervakter i Edom; i heile Edom la han hervakter, og alle edomitane gav seg under han. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
15 So rådde no David yver heile Israel, og David gjorde rettferd mot heile folket sitt.
16 Joab, son åt Seruja, var hovding yver heren, og Josafat, son åt Akilud, var sogeskrivar;
17 Sadok, son åt Akitub, og Akimelek, son åt Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar;
18 Benaja, son åt Jojada, var hovding yver livvakti, og sønene åt David var prestar