Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Corinthians 3

:
Norwegian - NO1938N
1 Tek me til å gjeva oss sjølve lovord att? eller treng me då, liksom sume folk, til å hava lovords brev til dykk eller frå dykk?
2 De er vårt brev, innskrive i våre hjarto, kjent og lese av alle menneske,
3 med di det vert kunnigt at de er Kristi brev, tilkome ved vår tenesta, innskrive ikkje med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje steintavlor, men hjartans kjøttavlor.
4 Men ei slik tiltru hev me til Gud ved Kristus,
5 ikkje at me av oss sjølve duger til å tenkja ut noko som av oss sjølve, men dugleiken vår er av Gud,
6 han som og gjorde oss duglege til å vera tenarar for ei ny pakt, ikkje for bokstav, men for Ande; for bokstaven slær i hel, men Anden gjer levande.
7 Når daudens tenesta, som var innhoggi med bokstavar steinar, kom med herlegdom, so Israels-borni ikkje greidde å sjå Mose åsyn grunn av herlegdomen i hans åsyn, endå det var ein som kvarv burt,
8 kor skal ikkje Andens tenesta endå meir vera i herlegdom!
9 For er fordømings-tenesta herlegdom, so er rettferds-tenesta endå mykje meir rik herlegdom;
10 for endå det herlege er i dette stykke ikkje herleg mot den ovrike herlegdomen.
11 For når det burtkvervande var i herlegdom, so skal det vedvarande so mykje meir vera i herlegdom.
12 Sidan me hev slik ei von, so gjeng me fram med stort frimod,
13 og gjer ikkje som Moses, som la eit sveip yver si åsyn, so Israels-borni ikkje skulde skoda enden av det som kvarv burt.
14 Men hugen deira vart forherda; for alt til denne dag ligg det same sveipet der når dei les den gamle pakti, og det vert ikkje openberra at ho vert avlyst i Kristus.
15 Ja, til denne dag ligg det eit sveip yver hjarta deira når Moses vert lesen;
16 men når det vender um til Herren, vert sveipet burtteke.
17 Men Herren er Anden; og der Herrens Ande er, der er fridom.
18 Men me som med usveipt åsyn skodar Herrens herlegdom som i ein spegel, me vert alle umlaga til det same bilete frå herlegdom til herlegdom, liksom av Herrens Ande.