Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 4

:
Norwegian - NO1938N
1 So gjorde han eit altar av kopar; det var tjuge alner langt, tjuge alner breidt og ti alner høgt.
2 Sidan laga han det støypte havet; det heldt ti alner frå bard til bard og var heiltupp rundt og fem alner djupt; ei snor tretti alner nådde ikring det.
3 Eit stykke nedpå det var det bilete av uksar rundt ikring; dei gjekk rundt heile havet, ti for kvar aln. Tvo rader med uksar var det havet, og dei var samstøypte med det.
4 Det stod tolv uksar; tri snudde mot nord, tri mot vest, tri mot sud og tri mot aust. Havet kvilde dei, og alle vende dei bakluten innetter.
5 Kjeret var ei handbreidd tjukt, og barden det var laga som barden eit staup eller som ein liljeblom. Det var romsamt, dette kjeret - det tok tri tusund bat.
6 So gjorde han ti tvåttebaljor og sette fem av dei høgre sida og fem vinstre; i dei skylde dei det som høyrde til brennofferi; men havet hadde prestane til å vaska seg i.
7 So gjorde han gull-ljosestakane, ti i talet, etter den gjerdi som skulde vera dei, og sette dei i det heilage romet, fem høgre sida og fem vinstre.
8 So gjorde han ti bord og sette i det heilage romet, fem høgre sida og fem vinstre. So gjorde han hundrad gullskåler.
9 So laga han prestefyregarden og den store tempelgarden og dører til tempelgarden, og dørene klædde han med kopar.
10 Havet sette han høgre sida av huset, mot sudaust.
11 So gjorde Huram oskefati og eldskuflene og blodbollane. No hadde Huram fullført det arbeidet han laut gjera for kong Salomo i Guds hus. Det var:
12 tvo sulor med dei tvo kvelvde skålene og sulehovudi toppen av sulone og dei tvo neti som skulde hylja dei tvo skålene sulehovudi,
13 og dei fire hundrad granatepli til dei tvo neti me hev nemnt - tvo rader med granateple til kvart net -;
14 han gjorde og fotstykki med baljone
15 og havet med dei tolv uksane under;
16 og oskefati og eldskuflene og steikjespiti og alt det som høyrde til, gjorde Huram, meisteren som kong Salomo hadde i si tenesta, for han til Herrens hus; det var av blank kopar.
17 Det var Jordansletta kongen fekk dei støypte, i leirgrunnen millom Sukkot og Seredata.
18 Salomo let gjera ei ovmengd med slike ting; for det vart ikkje røkt etter kor mykje koparen vog.
19 Salomo gjorde og alle dei ting som skulde vera i Herrens hus: gullaltaret og bordi som skodebrødi skulde liggja på;
20 og ljosestakane med lampone sine, som skulde kveikjast fyreskrivi vis, framanfor koret - dei var av fint gull -
21 og blomane dei og lampone og ljosesaksene - dei og var av gull, av det finaste gull som finst -
22 og knivane og blodbollane og røykjelsesskålane og glodpannone, alt av fint gull. Og i inngangane til huset var både dei indre dørene som førde til det høgheilage romet, og dei dørene som førde til det heilage romet, av gull.