Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 25

:
Norwegian - NO1938N
1 Amasja var fem og tjuge år gamal han tok styret, og han sat konge i Jerusalem i ni og tjuge år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje med eit heilt hjarta.
3 So snart han hadde fenge kongedømet fast i si hand, let han drepe dei hirdmennene som hadde slege i hel kongen, far hans.
4 Men borni deira tok han ikkje livet av - han heldt seg etter det som stend skrive i lovi - i Moseboki - der Herren hev gjeve dette påbodet: Foreldri skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og borni ikkje for det foreldri hev gjort; kvar skal lata livet for sine eigne brot.
5 Sidan stemnde Amasja Juda-mennene i hop og skipa dei i flokkar etter ættgreinene deira under tusundhovdingane og hundradhovdingane i heile Juda og Benjamin. Han mynstra dei, so mange som var tjuge år eller meir, og såg at det var tri hundrad tusund utvalde stridsføre hermenner, væpna med spjot og skjold.
6 Dessutan leigde han i Israel hundrad tusund djerve stridsmenner for hundrad talent sylv.
7 kom ein gudsmann til han og sa: Lat ikkje Israels-heren draga med deg, konge! For Herren er ikkje med Israel - ikkje med nokon av Efra'ims-borni.
8 Men drag du i veg - gjer det og gakk hugheil i striden! Elles vil Gud lata deg falla for fienden. For Gud hev makt både til å hjelpa og til å fella.
9 Amasja spurde gudsmannen: Men kva vert det av dei hundrad talenti som eg hev gjeve herflokken frå Israel? Gudsmannen svara: Herren er god til å gjeva deg meir enn det.
10 skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Efra'im, og let dei fara heim att. Men dei vart ovende harme Juda-mennene og snudde heimetter, harme i hugen.
11 Amasja tok mod til seg og drog av stad med herfolket sitt; han for til Saltdalen; der vann han Se'irs-borni og felte ti tusund mann;
12 andre ti tusund hertok Juda-mennene levande og dreiv dei upp toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, so dei vart sundslegne alle saman.
13 Dei som høyrde til den herflokken Amasja hadde sendt heim att, so dei ikkje fekk fylgja han herferdi, dei kom alt ifrå Samaria og til Bet-Horon og herja Judabyane; dei hogg ned tri tusund mann der og tok mykje herfang.
14 Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomitane, førde han med seg gudane åt Se'irs-borni; han sette dei upp hjå seg sjølv og hadde dei til gudar - kasta seg ned for dei og brende røykjelse for dei.
15 vart Herren brennande harm Amasja og sende ein profet til han, som sa til han: Kvifor søkjer du gudane åt dette folket, dei som ikkje hev berga sitt eige folk or di hand?
16 Men profeten tala soleis til Amasja, sa han: Hev me sett deg til rådgjevar for kongen? Haldt upp med dette! Elles kunde det henda du vart ihelslegen. heldt profeten upp og sa: Eg veit at Gud hev rådt seg til å tyna deg, sidan du hev gjort dette og ikkje høyrt rådi mi.
17 Men Amasja, Juda-kongen, heldt råd og sende so bod til Joas, Israels-kongen, son åt Joakas Jehuson, med dei ordi: Kom, lat oss røyna kvarandre!
18 sende Joas, Israels-kongen, bod attende til Amasja, Juda-kongen: Klungeren Libanon sende ein gong bod til sederen Libanon og let segja: Lat son min dotter di til kona! Men villdyri Libanon kom farande og trakka ned klungeren.
19 Du tenkjer: Sjå korleis eg hev slege Edom! Og dermed hev ovmodet teke deg, so du vil vinna endå meir æra. Sit heller heime no! Kvi vil du bjoda ut ulukka? Du kjem berre til å rjuka, og Judariket med deg.
20 Men Amasja vilde ikkje høyra han. Det var Gud som laga det so; han vilde lata dei falla i fiendehand, for di dei hadde søkt Edom-gudane.
21 So drog Joas, Israels-kongen, ut, og dei kom i kast med kvarandre, han og Amasja, Juda-kongen, ved Bet-Semes, som høyrer til Judariket.
22 tapte Juda-mennene Israel og rømde kvar til sin heim.
23 Joas, Israels-kongen, fanga Amasja, Juda-kongen, son åt Joas Joakasson, ved Bet-Semes og førde han til Jerusalem. Der reiv han ned bymuren frå Efra'imsporten til Hyrneporten, eit stykke fire hundrad alner.
24 Og han tok alt gullet og sylvet og alle eignelutane som fanst i Guds hus hjå Obed-Edom, og skattane i kongsgarden; gislane tok han og med seg. So for han heim att til Samaria.
25 Amasja Joasson, Juda-kongen, levde endå femtan år etter at Joas Joakasson, Israels-kongen, var avliden.
26 Det som meir er å segja um Amasja, både i hans fyrste og i hans seinare tid, det stend skrive i boki um Juda- og Israels-kongane.
27 Frå den tid Amasja fall ifrå Herren, skipa dei ei samansverjing mot han i Jerusalem. Han rømde til Lakis; men det vart sendt folk etter han, og tok livet av han der.
28 So køyrde dei han derifrå med hestar og gravla han hjå federne i Judastaden.