Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

2 Chronicles 2

:
Norwegian - NO1938N
1 Salomo rådde seg no til å byggja eit hus for Herrens namn og eit hus åt seg sjølv til kongsgard.
2 Han tok ut sytti tusund mann som skulde vera berarar, og åtti tusund som skulde hogga stein i fjelli, og tri tusund og seks hundrad som skulde hava tilsyn med dei.
3 So sende han bod til Huram, kongen i Tyrus, og let segja: Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, du sende han sedertre, so han kunde byggja seg eit hus til å bu i!
4 No hev eg etla meg til å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud og helga det til han, so me kann brenna angande røykjelse for hans åsyn og leggja fram dei daglege skodebrødi og ofra brennoffer morgon og kveld sabbatane og nymåne-dagane og høgtidene åt Herren vår Gud - det kviler for tid og æva Israel.
5 Det huset eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.
6 Men kven maktast vel byggja han eit hus? Himlane og himle-himlane rømer han ikkje. Kven er eg, at eg skulde byggja han eit hus? Eg vil berre brenna røykjelse for hans åsyn.
7 So send meg ein mann som er hag til å arbeida i gull og sylv og kopar og jarn og i purpurraud og karmosinraud og blå ull, og som skynar seg å skjera ut bilete; han skal arbeida i lag med dei hage mennene som er her hjå meg i Judalandet og Jerusalem, og som David, far min, hev etla til dette.
8 Send meg so og seder- og cypresstimber og sandeltre frå Libanon! For eg veit at folki dine skynar seg å hogga Libanon-timberet, og mine folk skal arbeida i lag med dine,
9 so eg kann timber i haugetal; for det huset eg vil byggja, skal vera stort og gildt.
10 Og timberhoggarane, folki dine som feller trei, gjev eg tjuge tusund kor treskt kveite og tjuge tusund kor bygg og tjuge tusund bat vin og tjuge tusund bat olje.
11 Huram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende åt Salomo: Det vera av di Herren hev folket sitt kjært, at han hev sett deg til konge yver dei.
12 Og framleides skreiv han so: Lova vere Herren, Israels Gud, han som hev skapt himmelen og jordi, for di han hev gjeve kong David ein vis son, som hev slik visdom og so godt skyn at han kann byggja eit hus åt Herren og eit hus åt seg sjølv til kongsgard.
13 No sender eg deg ein hag mann med godt skyn - Huram, ein meister som er i mi tenesta.
14 Han er son åt ei kvinna av Dans-ætti, men far hans er ein Tyrus-mann. Han er hæv til å arbeida i gull og sylv og kopar og jarn og stein og tre og i purpurraud og blå ull og kvit bomull og karmosinraud ull, og kann skjera ut allslags bilete og tenkja ut alle dei kunstverk dei gjev han å gjera, saman med kunstmennene dine og kunstmennene åt min herre David, far din.
15 No kann du, herre, senda tenarane dine kveiten og bygget, oljen og vinen som du hev tala um,
16 so skal me hogga timber for deg Libanon, so mykje som du treng, og føra det i flotar havet til Joppe; sidan kann du sjølv syta for å det upp til Jerusalem.
17 So tok Salomo tal alle dei framande mennene som budde i Israelslandet, etter den teljingi som David, far hans, hadde late gjera; synte det seg at det var hundrad og tri og femti tusund og seks hundrad mann.
18 Av dei tok han sytti tusund til berarar; åtti tusund sette han til å hogga stein i fjellet og tri tusund og seks hundrad til formenner, som skulde sjå etter at folki gjorde arbeidet sitt.