Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 19

:
Norwegian - NO1938N
1 Josafat, Juda-kongen, for med heilo heim att til Jerusalem.
2 gjekk Jehu Hananison, sjåaren, ut imot han og sa til han - til kong Josafat -: Skal ein hjelpa den gudlause, og skal du halda av dei som hatar Herren? For dette kviler det vreide frå Herren deg.
3 Like vel er det funne noko godt hjå deg; for du hev rudt ut Astarte-bileti or landet og lagt hugen din å søkja Gud.
4 Josafat drygde no ei tid i Jerusalem, men sidan for han nytt lag ikring millom folket, frå Be'erseba og til Efra'imsfjelli, og førde dei attende til Herren, deira fedre-Gud.
5 Han sette inn domarar i landet - i alle dei faste byane i Judariket, by for by -
6 og sa til domarane: Akta vel det de gjer! For de dømer ikkje for menneske, men for Herren, og han er hjå dykk kvar gong de segjer ein dom.
7 So lat otte for Herren vera yver dykk! Ver varsame i all dykkar ferd og gjerd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett; ikkje gjer han skil folk og ikkje tek han mutor.
8 I Jerusalem og sette Josafat nokre av levitane og prestane og av Israels ættehovdingar til å døma i Herrens saker og i rettstrettor; for dei var komne heim att til Jerusalem.
9 Og han gav dei dette bodet: So skal de gjera med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:
10 Kvar gong det vert lagt ei rettssak fyre dykk av brørne dykkar, som bur rundt ikring i byane sine - anten det no er ei dråpssak, eller det gjeld lov og bod, vedtekter og fyresegner - skal de vara dei åt, so dei ikkje syndar mot Herren, og det kjem vreide yver dykk og brørne dykkar! So lyt de gjera; elles kjem de til å føra skuld yver dykk.
11 Men Amarja, øvstepresten, skal vera formannen i alle saker som soknar under Herren, og Sebadja Ismaelsson, fyrsten for Juda-ætti, i alle saker som soknar under kongen; og levitane skal vera tilsynsmenner under dykk. Gakk hugheilt til verket! Herren vere med den som gjer det som rett er!