Bible

Power Up

Your Services with User-Friendly Software

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 16

:
Norwegian - NO1938N
1 I seks og trettiande året av Asas kongedømme gjorde Baesa, Israels-kongen, ei herferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, so ingen skulde fara til eller frå Asa, Juda-kongen.
2 tok Asa noko sylv og gull ut or skattkammeri i Herrens hus og i kongsgarden og sende det til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus, med det bodet:
3 Som du veit, er det eit samband millom meg og deg, som det var millom far min og far din. Her sender eg deg sylv og gull; brjot no sambandet du hev med Baesa, Israels-kongen, so han lyt hava seg burt ifrå meg!
4 Benhadad gjorde som kong Asa bad han; han sende herhovdingane mot Israelsbyane, og dei hertok Ijon og Dan og Abel-Ma'im og alle upplagshusi i Naftalibyane.
5 Baesa fekk bod um det, heldt han upp med å byggja festningsverk i Rama og la ned dette arbeidet.
6 Men kong Asa tok heile Juda med seg, og dei førde burt steinane og timberet som Baesa hadde nytta til festningsarbeidet i Rama; med det bygde han Geba og Mispa um til festningar.
7 Ved det leitet kom Hanani, sjåaren, til Asa, Juda-kongen, og sa til han: For di du sette lit til syrarkongen og ikkje til Herren din Gud, difor hev heren åt syrarkongen sloppe or hendene dine.
8 Var ikkje etiopane og libyarane og ein stor her med stridsvogner og hestfolk i mengdevis? Men for di du den gongen sette lit til Herren, gav han dei i ditt vald.
9 For Herrens augo fer utyver all jordi, so han med si makt kann stydja dei som hev hjarta sitt heilt med han. Du hev fare uvitugt åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.
10 vart Asa harm sjåaren og sette han i fangehuset - so vond var han han for dette. same tid for han og hardt fram mot andre av folket.
11 Det som er å fortelja um Asa, frå fyrst til sist, det stend skrive i boki um kongane i Israel og Juda.
12 I ni og trettiande året av kongedømet vart Asa sjuk i føtene, og sjukdomen hans vart verre og verre. Men endå han var so sjuk, søkte han ikkje Herren, men berre lækjarane.
13 So for Asa til federne og døydde i ein og fyrtiande året av kongedømet sitt.
14 Dei sette han ned i hans eige gravrom, som han hadde late hogga ut åt seg i Davidsstaden, og la han ei lega; den hadde dei fyllt med ymse slag kryddor, som var blanda i hop same vis som dei gjer det dei som lagar salvar. So kveikte dei ein ovstor eld til æra for han.