2 Chronicles 11
1 Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtti tusund utvalde hermenner; dei skulde strida mot Israels-mennene og vinna riket att for Rehabeam.
2 Då kom Herrens ord til Semaja, gudsmannen, og det lydde so:
3 Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til alle Israels-menner i Juda og Benjamin:
4 So segjer Herren: De skal ikkje draga upp og strida mot brørne dykkar. Far heim att kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg. Då lydde dei Herrens ord; dei vende um og drog ikkje mot Jeroboam.
5 Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Judariket um til borger.
6 Både Betlehem og Etam og Tekoa
7 og Bet-Sur og Soko og Adullam
8 og Gat og Maresa og Sif
9 og Adora'im og Lakis og Aseka
10 og Sor'a og Ajalon og Hebron, som alle låg i Juda- og Benjaminslandet, bygde han um til borger.
11 Han gjorde borgene sterke og sette inn hovdingar i dei og samla der nøgdi av matvaror og olje og vin.
12 Like eins skipa han upplag av skjoldar og spjot i dei alle, by for by, og gjorde dei soleis ovleg sterke.
13 Prestane og levitane i heile Israelslandet kom frå alle bygdene sine og gav seg under han.
14 For levitane drog burt ifrå bumarkene sine og eigedomen sin og flutte til Judalandet og Jerusalem, av di Jeroboam og sønene hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren,
15 og han sette andre menner til prestar for offerhaugane og for trollbukkane og for dei kalvane som han hadde laga.
16 Og med dei fylgde or alle Israelsfylki dei som la sin hug på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og vilde ofra til Herren, sin fedre-Gud.
17 Dei styrkte Judariket og trygde kongedømet for Rehabeam Salomoson i tri år; for i tri år heldt dei fram etter same vegen som David og Salomo hadde fylgt.
18 Rehabeam tok seg ei kona umfram Mahalat, dotter åt Jerimot Davidsson; det var Abiha'il, dotter åt Eliab Isaison.
19 Med henne fekk han sønene Je'us og Semarja og Saham.
20 Sidan tok han Ma'aka Absalomsdotter til kona; med henne fekk han Abia og Attai og Sisa og Selomit.
21 Rehabeam heldt meir av Ma'aka Absalomsdotter, enn av alle dei hine konone og fylgjekonone sine - for han hadde teke seg attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter -.
22 Rehabeam sette Abia, son åt Ma'aka, til hovding og fyrste millom brørne hans; av di han var meint på å gjera han til konge.
23 Men samstundes for han so visleg åt at han let alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda- og Benjaminslandet - i alle dei faste byane - og sytte for at dei hadde flust til å leva av, og at dei fekk seg ei mengd med konor.