1Tala ikkje hardt til ein gamal mann, men påminn han som ein far, unge menn som brør,
2gamle kvinnor som møder, unge som systrer, i all reinleik!
3Heidra enkjor som verkeleg er enkjor!
4Men um ei enkja hev born eller barneborn, so lat dei fyrst læra å visa sin gudlegdom mot sitt eige folk og gjeva foreldri sine vederlag; for det er tekkeleg for Gud.
5Men den som verkeleg er enkja og einsleg vorti, ho hev sett si von til Gud og held ved i bøn og påkalling natt og dag;
6men den som lever etter lystene sine, er levande daud.
7Og dette skal du bjoda, so dei må vera ulastande!
8Men um nokon ikkje hev umsut for sine eigne og mest for husfolket sitt, han hev forneitta trui og er verre enn ein vantruande.
9Ei enkja kann verta vald når ho ikkje er yngre enn seksti år, um ho hev vore EIN manns kona,
10hev vitnemål for gode gjerningar, hev fostra upp born, hev vist gjestmildskap, hev tvetta føtene åt dei heilage, hev vore dei naudkomne til hjelp, hev lagt vinn på all god gjerning.
11Men vis dei unge enkjor frå deg! for når dei av kjøtleg hug svik Kristus, so vil dei gifta seg,
12og dermed hev dei den dom at dei hev brote si fyrste tru.
13Men attåt dette lærer dei og å ganga yrkelause og fare ikring i husi, og ikkje berre yrkelause, men og med drøsor og slikt som ikkje kjem dei ved, so dei fer med ulikeleg tale.
14Eg vil difor at unge enkjor skal gifta seg, føda born, styra huset, ikkje gjeva motstandaren noko høve til baktale.
15For sume hev alt vendt seg burt etter Satan.
16Dersom nokon truande mann eller kvinna hev enkjor, so skal dei syta for dei og ikkje lata kyrkjelyden verta tyngd, so han kann syta for dei verkelege enkjone!
17Dei eldste som er gode forstandarar, skal ein halda tvifald æra verde, mest dei som arbeider i tale og læra.
18For Skrifti segjer: Du skal ikkje setja muleband på ein ukse som du treskjer med. Og ein arbeidsmann er verd løni si.
19Tak ikkje imot noko klagemål mot ein eldste utan etter tvo eller tri vitne!
20Dei som syndar, skal du refsa so alle høyrer på, so dei andre og må hava otte.
21Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus og dei utvalde englar at du skal taka vare på dette utan fordom, so du ikkje gjer noko av venskap.
22Ver ikkje snar til å leggja hendene på nokon; gjer deg ikkje medskuldig i framande synder; haldt deg sjølv rein!
23Drikk ikkje lenger berre vatn, men nøyt lite grand vin for magen din og for dine jamlege sjukdomar!
24Hjå nokre menneske er syndene openberre og kjem i fyrevegen for dei til dom; men hjå andre fylgjer dei etter.
25Like eins er dei gode gjerningane openberre; og dei som det ikkje er so med, kann ikkje verta dulde like vel.