1 Samuel 27NO1938N

1Men David tenkte med seg: Ein dag kjem eg no like vel til å falla for Sauls hand; eg hev ikkje noko godt i vente. Eg vil røma til Filistarlandet; då lyt Saul halda upp å leita etter meg kring i heile Israelsriket, og eg slepp utor hendene hans.

2So tok han ut med dei seks hundrad mann som fylgde han, og for yver til Akis Maoksson, kongen i Gat.

3Og David vart buande i Gat, hjå Akis, både han og mennene hans, kvar med sin huslyd; sjølv hadde han båe konone sine med, Akinoam frå Jisre'el og Abiga'il frå Karmel, enkja etter Nabal.

4Og då Saul fekk spurt at han hadde rømt til Gat, leita han ikkje etter han lenger.

5Då det leid um eit bel, sa David til Akis: Kjære deg, hev du noko godvilje for meg, so lat meg få ein bustad i ein av landsbyane! Kvifor skal tenaren din bu hjå deg i kongestaden?

6Då let Akis han same dagen få Siklag; difor hev Siklag høyrt Juda-kongane til alt til denne dag.

7Det var i alt eitt år og fire månader David budde i Filistarlandet.

8David og mennene hans drog jamleg ut i strid og herja på gesuritane og girsitane og amalekitane; det var dei folki som frå gamalt budde i det landet som rekk burtimot Sur og alt til Egyptarlandet.

9Og kvar gong han herja i landet, let han korkje kar eller kvinna få leva; men småfe og storfe og asen og kamelar og klæde tok han med seg og for so heim att. Når han då kom til Akis,

10og Akis spurde: De hev vel ikkje herja nokon stad i dag? svara han: Jau, i sudlandet, både millom Juda-mennene og millom jerahme'elitane og kenitane.

11Det fanst ikkje mann eller kvinna som David let leva eller tok med seg til Gat; for han tenkte som so: Dei kunde fortelja eitkvart um oss og segja: So og so hev David gjort. Soleis for David åt all den tid han budde i Filistarlandet.

12Men Akis trudde David vel og tenkte: Han hev visst fenge eit uord på seg hjå Israel, sitt eige folk, og no kjem han til å vera min mann for all tid.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.