1 Samuel 25NO1938N

1Ved det leitet døydde Samuel, og heile Israel samla seg og heldt syrgjehøgtid etter han. Dei gravla han på garden hans i Rama. So tok David ut og for ned til Paranøydemarki.

2I Maon var det ein mann som hadde buskapen sin på beite i Karmel. Han var ein ovrik mann og åtte tri tusund sauer og tusund geiter. Nett då var han i Karmel på saueklypping.

3Nabal heitte mannen, og kona hans heitte Abiga'il; ho var ei vitug og ven kvinna, men han var hardlyndt og ill å eigast ved. Han var av Kalebs-ætti.

4I øydemarki fekk David høyra at Nabal var åt og klypte sauene sine.

5Då sende han ti av sveinane sine av stad og sa til dei: Far upp til Karmel, og når de kjem til Nabal, so helsa han frå meg

6og seg: Lukka til! Fred vere med deg, og fred med huset ditt, og fred med alt som ditt er!

7Eg hev høyrt at dei held på og klypper hjå deg. No veit du gjætarane dine hev vore i hop med oss; me hev aldri gjort dei noko til meins, og det hev ikkje kome burt noko for dei i all den tid dei hev vore i Karmel.

8Spør sveinane dine, so vil dei segja deg det! So lat då oss sveinar møta godvilje hjå deg, sidan me kjem hit på ein glededag! Gjev tenarane dine og David, son din, det du kann hava for handi!

9Då sveinane åt David kom til Nabal, helsa dei frå David og bar fram ordsendingi hans; so stod dei og venta.

10Men Nabal svara: Kven er David, og kven er Isai-sonen? No um dagane er det so mange tenarar som stryk ifrå husbondane sine.

11Og eg skulde taka brødet mitt og vatnet og slaktefeet, som eg hev slakta åt dei som klypper for meg, og gjeva det til folk som eg ikkje veit kvar dei er ifrå!

12Då vende sveinane um og gjekk sin veg, og då dei kom heim til David, fortalde dei han alt, soleis som det hadde gjenge til.

13So sa David til mennene sine: Spenn sverdet um dykk, alle mann! Dei so gjorde. David spente og sverdet um seg, og so fylgde dei han upp, um lag fire hundrad i talet; tvo hundrad mann vart att innmed føringsvognene.

14Men ein av drengene åt Nabal kom og fortalde dette til Abiga'il, kona hans, og sa: David sende nokre menner hit frå øydemarki med helsing til husbonden vår, men han gauv på dei med skjelling.

15Og desse mennene hev då vore svært snilde mot oss; ingen gjorde oss noko til meins, og aldri miste me noko i all den tid me fylgdest med dei, når me var ute i marki.

16Dei var som ein mur ikring oss både um natti og um dagen i all den tid me heldt oss innmed dei og gjætte småfeet.

17So tenk deg no vel um kva du skal gjera! For ulukka heng uppyver husbonden vår og heile hans hus, og sjølv er han slik ei uvyrda at ingen torer tala til han.

18Då skunda Abiga'il seg og tok tvo hundrad brødleivar og tvo hitar med vin og fem saueskrottar og fem mål brunka korn og hundrad rosinkakor og tvo hundrad fikekakor og la alt saman på kløv-asni.

19So sa ho til sveinane sine: Far fyre! Eg kjem snart etter. Men med Nabal, mannen sin, nemnde ho ikkje noko.

20Som ho no reid fram på asnet sitt og kom ned i ein holveg i fjellet, fekk ho sjå David og mennene hans - dei kom ned imot henne, so ho laut råka dei.

21Men David hadde sagt: So er det reint til fånyttes at eg hev verna eigedomen åt denne mannen i øydemarki, so det ikkje kom burt noko av alt det han hadde! Han hev lønt godt med vondt.

22So visst som Gud vil lata fiendane åt David bøta både no og sidan: Eg let ikkje nokon karmann som høyrer han til, leva til det dagast i morgon.

23Med same Abiga'il såg David, steig ho snøgt ned av asnet og bøygde seg nedåt jordi for han.

24So kasta ho seg ned for føtene hans og sa: Det er eg, herre, det er eg som lyt svara for den misgjerning som er gjord; men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og lyd på dei ordi ho vågar å bera fram!

25Bry deg ikkje um Nabal, det illmennet! For som han heiter, so er han; Nabal heiter han, og full av dårskap er han. Men eg, tenestkvinna di, hev ikkje set dei sveinane du sende, herre.

26Og no, herre, so visst som Herren lever, og so visst som du sjølv er i live, hev Herren halde deg frå å føra blodskuld yver deg og taka deg sjølv til rettes; og no skal uvenene dine og dei som vil gjera herren min mein, verta som Nabal.

27Denne gåva som tenestkvinna di hev havt med til deg, herre, kann sveinane få, dei som fylgjer deg på ferdene dine.

28Tilgjev tenestkvinna di misferdi hennar! For Herren vil byggja herren min eit hus som stend stødt; for det er Herrens stridar du strider, herre, og det hev ikkje funnest vondt hjå deg frå den dag du vart til.

29Og stend det fram nokon som forfylgjer deg og vil taka livet av deg, so skal livet ditt, herre, vera gøymt i flokken av dei levande hjå Herren din Gud; men livet åt uvenene dine skal han leggja i slyngja og slengja burt som ein stein.

30Når då Herren gjer som han hev sagt, og let deg få alt det gode han hev lova deg, herre, og set deg til fyrste yver Israel,

31so skal ikkje det verta til støytestein for deg eller valda deg samvitsagg, herre, at du hev rent ut skuldlaust blod og teke deg sjølv til rettes, herre. Og når Herren gjer vel mot deg, herre, kom då i hug tenestkvinna di!

32Då sa David til Abiga'il: Lova vere Herren, Israels Gud, som sende meg til møtes med deg i dag!

33Og velsigna vere ditt vit, og velsigna vere du sjølv, som i dag hev halde meg att, so eg ikkje førde blodskuld yver meg og tok meg sjølv til rettes!

34Men so visst som Herren, Israels Gud, lever, han som hev halde meg frå å gjera deg noko til meins: Hadde du ikkje skunda deg og møtt meg, so skulde ikkje ein einaste karmann av folket hans Nabal vore att når det dagast i morgon.

35So tok David imot dei gåvone ho hadde havt med til han, og han sa til henne: Far heim att i fred! Eg hev merkt meg ordi dine og gjort som du bad meg.

36Då Abiga'il kom heim att til Nabal, var det nett gjestebod i huset - eit gjestebod som hjå ein konge, og Nabal var kåt og drukken. Ho nemnde ikkje noko med han, korkje mykje eller lite, fyrr soli rann andre dagen.

37Men um morgonen, då ruset hadde gjenge av Nabal, fortalde kona hans alt saman. Då stivna hjarta i bringa på han, og han vart som ein stein.

38Og um lag ti dagar etter vart han råma av Herrens hand, so han døydde.

39Då David fekk spurt at Nabal hadde slokna, sa han: Lova vere Herren, som hev hemnt mi vanæra på Nabal og halde tenaren sin frå å gjera noko vondt! No let Herren Nabals vondskap koma att på hans eige hovud. Sidan sende David bod og bela til Abiga'il og vilde få henne til kona.

40Tenarane åt David fann Abiga'il i Karmel, og dei bar fram ærendi si og sa: David hev sendt oss til deg og vil få deg til kona.

41Då reiste ho seg og bøygde seg nedåt jordi og sa: Sjå, her er eg og vil vera tenestgjenta di og två føtene åt tenarane dine, herre.

42Og Abiga'il ferda seg til snøggast ho vann, og steig uppå asnet; like eins dei fem møyane hennar, som fylgde henne. So for ho av garde med dei mennene David hadde sendt, og vart kona hans.

43Akinoam frå Jisre'el hadde han og flutt heim til seg, so dei båe tvo vart konone hans.

44Men Mikal Saulsdotter, kona hans David, hadde faren gjeve til Palti La'isson, som var frå Gallim.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.