1Sidan sa Samuel til heile Israel: No hev eg gjort dykk til viljes i alt de hev tala til meg um, og sett ein konge yver dykk.
2So lyt då heretter kongen vera styraren dykkar. Eg er gamal og grå, so sønene mine alt er jamaldringane dykkar; men alt ifrå eg var ung og til no hev eg vore styraren dykkar.
3Her stend eg! Vitna no mot meg for Herren og den han hev salva: Er her nokon eg hev gjort urett imot eller fare hardt med? Er her nokon eg hev teke mutor av, so eg skulde halda att augo for eitkvart? Um so er, vil eg gjeva dykk lika for det.
4Dei svara: Du hev ikkje gjort oss urett og ikkje fare hardt med oss og ikkje teke imot noko av nokon.
5Då sa han til dei: So er Herren vitne mot dykk, og den han hev salva, er vitne i dag at de ikkje hev funne noko hjå meg. Og folket svara; Ja, han er vitne.
6So sa Samuel til dei: Ja, Herren er vitne, han som let Moses og Aron standa fram, og som førde federne dykkar upp frå Egyptarlandet.
7Stig no fram, so eg kann ordskiftast med dykk for Herrens åsyn um alle Herrens rettvise verk som han hev gjort mot dykk og federne dykkar.
8Då Jakob var komen til Egyptarland, ropa federne dykkar til Herren. Då sende Herren Moses og Aron; dei førde federne dykkar ut or Egyptarland og let dei få bu i dette landet.
9Men dei gløymde Herren sin Gud; difor slepte han dei i hendene på Sisera, herhovdingen åt Hasor, og i hendene på filistarane og på Moab-kongen; alle desse stridde mot dei.
10Då ropa dei til Herren og sa: Me hev synda! Me hev svike Herren og dyrka Ba'alane og Astarte-bileti; men frels oss no frå fiendane våre, so skal me tena deg!
11So sende Herren Jerubba'al og Bedan og Jefta og Samuel og frelste dykk frå alle fiendane dykkar rundt ikring, so de kunde bu trygt.
12Men då dei såg at Nahas, ammonitarkongen, kom imot dykk, sa de til meg: Nei, me vil hava ein konge til å styra oss - endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.
13Her er no kongen som de hev kåra - han som de bad um; no hev Herren sett ein konge yver dykk.
14Ottast de no Herren og tener han og lyder han og ikkje seg dykk upp mot Herrens bod, men held dykk etter Herren dykkar Gud, både de og kongen som hev fenge velde yver dykk [so skal Herren vera med dykk.]
15Men lyder de ikkje Herren, set de dykk upp mot Herrens bod, so skal Herrens hand råma dykk som ho råma federne dykkar.
16Stig no fram og skoda det store underet som Herren vil gjera for augo dykkar!
17Som de veit, hev me i desse dagane kveiteskurden; no vil eg ropa til Herren, so sender han torever og regn. Då skal de skyna og sjå kor stor ei synd de gjorde for Herrens augo då de kravde ein konge.
18So ropa Samuel til Herren, og same dagen sende Herren torever og regn; då vart alt folket teke av stor otte for Herren og for Samuel,
19og dei sa til Samuel: Bed for tenarane dine til Herren din Gud! Elles kjem me til å døy, for di me attpå alle syndene våre hev gjort den misgjerningi at me kravde ein konge.
20Då sa Samuel til folket: Ver ikkje redde! Visst hev de gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje utav Herrens veg, men ten Herren av alt dykkar hjarta!
21Vik ikkje utav rette vegen! For då laut de fylgja dei inkjeslege avgudane, som korkje kann gagna eller frelsa, av di dei er berre inkjevetta.
22For Herren vil ikkje skjota folket sitt ifrå seg; for sitt store namn skuld vil han ikkje gjera det, etter di det tektest han å gjera dykk til sitt folk.
23Men eg - aldri i verdi skal eg gjera so stor ei synd mot Herren som å halda upp å bed for dykk. Eg skal læra dykk den gode og rette vegen.
24Hav berre de otte for Herren og ten han i sanning, av alt dykkar hjarta! Sjå kor store ting han hev gjort for dykk!
25Men gjer de det som vondt er, so kjem de til å rjuka med, både de og kongen dykkar.