1 Samuel 10NO1938N

1So tok Samuel ei krukka med olje og rende ut yver hovudet hans og kysste han og sa: No hev Herren salva deg til konge yver eigedomen sin.

2Når du gjeng frå meg i dag, møter du tvo menner innmed Rakel-gravi i landskilet mot Benjamin, i Selsah; dei segjer til deg: Asnone som du hev vore på leit etter, er attfunne; far din kjem ikkje i hug asnone meir, men no er han illhuga for dykk og segjer: Kva skal eg gjera, so eg kann få att son min?

3Når du so fer lenger frametter og kjem til Tabor-eiki, møter du der tri menner som er på veg upp til Gud i Betel; ein av dei ber tri kje, ein annan tri kakebrød og den tridje ei hit med vin.

4Dei helsar deg og gjev deg tvo brød, og dei skal du taka imot.

5Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane hev vaktpostane sine, og med same du kjem inn i byen, råkar du på ein flokk profetar som kjem ned frå haugen; fyre dei gjeng nokre som slær på trumma og spelar på harpa og fløyta og citar, og sjølve er dei i profetisk eldhug.

6Då kjem Herrens Ande yver deg, so du kjem i profetisk uppgløding liksom dei og vert eit anna menneske.

7Når dei teikni møter deg, so gjer berre du det som kjem fyre deg! For Gud er med deg.

8No skal du fara fyre meg ned til Gilgal, so kjem eg ned til deg og vil bera fram brennoffer og takkoffer; sju dagar lyt du bia, til dess eg kjem til deg og segjer deg kva du skal gjera.

9So bad Saul far vel med Samuel og gjekk sin veg; då gav Gud han eit anna hjarta, og same dagen hende alt det som Samuel hadde varsla.

10Då dei kom til Gibea, møtte han ein flokk profetar; då kom Guds Ande yver han, so han kom i profetisk eldhug midt imillom dei.

11Og då folk som kjende han frå fyrr, såg at han var teken av profetisk eldhug liksom profetane, sa dei seg imillom: Kva er det som hev kome åt son hans Kis? Er Saul og millom profetane?

12Ein mann der or bygdi svara: Kven er då far åt desse? Soleis kom det ordtaket upp: Er Saul og millom profetane?

13Då eldhugen hadde sige av Saul, og han kom til offerhaugen,

14sa farbror hans til han og drengen hans: Kvar hev de vore? Han svara: Me hev vore av og leita etter asnone; då me ikkje såg noko til dei, gjekk me til Samuel.

15Då sa farbroren: Kjære, fortel meg kva Samuel sa til dykk!

16Saul svara: Han gav oss greida på at asnone var attfunne. Men det som Samuel hadde sagt um kongedømet, nemnde han ikkje for farbroren.

17Samuel stemnde folket saman til Herren, til Mispa.

18Der tala han soleis til Israels-borni: So segjer Herren, Israels Gud: Eg førde Israel upp frå Egyptarland og frelste dykk frå egyptarveldet og frå alle dei kongeriki som truga og trengde dykk.

19Men no hev de vanda dykkar Gud, han som fria dykk ut or alle ulukkor og trengslor, og sagt til han: Nei, ein konge lyt du setja yver oss! So stig no fram for Herrens åsyn, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein!

20So let Samuel alle Israels ætter ganga fram, og luten fall på Benjamins-ætti.

21So let han Benjamins-ætti ganga fram, grein for grein, og luten fall på Matri-greini, og sidan fall luten på Saul, son åt Kis. Dei leita etter han, men kunde ikkje finna han.

22Då vende dei seg til Herren endå ein gong og spurde: Hev det kome nokon annan hit? Herren svara: Han hev løynt seg millom føringsvognene.

23So sprang dei dit og henta han; og då han steig fram millom folket, var det ingen som nådde han lenger enn til herdi.

24Og Samuel sa til alt folket: Her ser de han som Herren hev kåra! Det finst ikkje hans like i heile lyden. Då jubla heile folket og ropa: Leve kongen!

25So kunngjorde Samuel kongelovi for folket. Han skreiv henne upp i ei bok, og den la han ned for Herrens åsyn. Sidan bad han far vel med folket, og dei for alle heim att.

26Saul for og heim att til Gibea, og med han fylgde den flokken som Gud hadde skote det i hugen på.

27Men nokre gudlause folk sa: Kva hjelp kann denne gjeva oss? Og dei vanvyrde han og kom ikkje med gåvor til han; men han lest ikkje gå det.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.