1Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som eg hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:
2Gjet den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvmint, ikkje for ei skamleg vinning, men med viljugt hjarta,
3ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydane, men so at de vert fyredøme for hjordi;
4og når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.
5Like ein skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de iklæda dykk audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
6So audmyk dykk då under Guds veldige hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!
7Kast all dykkar sut på han; for han hev umsut for dykk!
8Ver edrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;
9Statt han imot, trauste i trui, sidan de veit at de same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!
10Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus, etter ei stuttvarig liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.
11Honom høyrer makti til i all æva. Amen.
12Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg at han er - hev eg skrivi stutt til dykk for å påminna og vitna at dette er Guds sanne nåde som de stend i.
13Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.
14Helsa kvarandre med eit kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!