1Legg difor av all vondskap og alt svik og like eins hyklarskap og ovund og all baktale,
2og lengta som nyfødde born etter den åndelege ufalska mjølki, so de kann veksa ved henne til frelsa,
3so sant de hev smaka at Herren er god!
4Kom til han, den levande steinen, som vel vart vanda av menneske, men er utvald og dyrverdig, for Gud,
5og vert de sjølve, som levande steinar, uppbygde til eit åndeleg hus, eit heilagt presteskap til å bera fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.
6For det heiter i Skrifti: Sjå, eg legg i Sion ein hyrnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal so visst ikkje verta til skammar.
7Dykk då som trur, høyrer æra til; men for dei vantruande hev den steinen som bygningsmennene vanda, vorte til hyrnestein og snåvestein og støyteberg,
8dei som snåvar med di dei ikkje trur ordet; det er dei og etla til.
9Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, so de skal forkynna hans dygder som kalla dykk ut or myrker til sitt underfulle ljos,
10de som fyrr ikkje var eit folk, men no er Guds folk, de som ikkje hadde funne miskunn, men no hev fenge miskunn.
11De kjære, eg legg dykk på hjarta som framande og utledningar at de skal halda dykk ifrå dei kjøtlege lyster, som strider imot sjeli,
12og lata dykkar ferd millom heidningane vera god, so dei medan dei baktalar dykk som illgjerdsmenn, må sjå dykkar gode gjerningar og for deira skuld prisa Gud på vitjingsdagen!
13Ver difor all menneskjeleg skipnad undergjevne for Herrens skuld, anten det er kongen som er den høgste,
14eller landshovdingane som utsendingar frå han til refsing for dei som gjer vondt, men til ros for dei som gjer godt!
15For soleis er det Gud vilje at de med å gjera det gode skal målbinda vankunna hjå dei uvituge menneske,
16so som frie, og ikkje som slike som hev fridomen til vondskaps skyle, men som Guds tenarar.
17Æra alle, elska broderlaget, ottast Gud, æra kongen!
18De tenarar, ver dykkar herrar undergjevne i all age, ikkje berre dei gode og rimelege, men og dei rangvise!
19For det finn nåde, um nokon av samvit for Gud toler harmingar når han lider uretteleg.
20For kva er det for ei ros um de tek det med tolmod når de syndar og fær refsing for det? Men um de tek det med tolmod når de gjer godt og endå lyt att lida, det finn nåde hjå Gud.
21For til det vart de kalla, av di Kristus og leid for dykk og let etter for dykk eit fyredøme, so de skal fylgja hans fotfar,
22han som ikkje gjorde synd, og det fanst ikkje heller svik i hans munn,
23han som ikkje skjelte att når han vart utskjelt, ikkje truga når han leid, men gav yver til han som dømer rettferdigt;
24han som bar syndene våre på lekamen sin upp på treet, so me skal døy burt frå syndene våre og leva for rettferdi, og ved hans sår er de lækte.
25For de var villfarande som sauer, men hev no vendt um til hyrdingen og tilsynsmannen for sjelene dykkar.