1 Kings 2NO1938N

1Då det leid åt med David, tala han so til Salomo, son sin:

2No fer eg snart den vegen som alt her på jordi lyt fara. Men ver du sterk, og syn du er ein mann!

3Akta på alt det som Herren din Gud vil du skal akta på, so gjeng du på hans vegar og held hans fyresegnene og bodi og lovene og vitnemåli hans, etter det som stend skrive i Mose-lovi! Då kjem du til å stella deg visleg i alt det du gjer og tek deg fyre,

4so Herren kann lata ordet sitt sannast, det ordet han tala um meg då han sa: Dersom sønene dine aktar på vegen sin, so dei ferdast for mi åsyn i sanning, av heile sitt hjarta og heile sin hug, so skal det - sa han - aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.

5Du veit sjølv korleis Joab Serujason hev fare åt mot meg - kva han gjorde mot båe herhovdingane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson: at han drap dei og rende ut blod midt i freden, som det skulde vore krig, og let det koma blod på beltet han hadde kring livet, og på skorne han hadde på føtene, liksom i krigen.

6Gjer då som visdomen din segjer deg til, og lat ikkje dei grå håri hans fara i fred ned i helheimen!

7Men sønene åt Barsillai frå Gilead skal du gjera vel imot; lat dei vera millom dei som et ved bordet ditt. For på same vis for dei imot meg då eg laut røma for Absalom, bror din.

8Sime'i Gerason frå Bahurim i Benjaminsfylket hev du og hjå deg. Det var han som banna meg so stygt den dagen eg for til Mahana'im; sidan kom han og tok imot meg nedmed Jordan, og då svor eg han til ved Herren at eg ikkje skulde la han døy for sverdet.

9Men no skal du ikkje lata han sleppa den refsingi han er verd. Du er ein vis mann og vil nok vita korleis du skal fara åt med han, so du fær sendt dei grå håri hans blodute ned i helheimen.

10So for David til federne sine og vart gravlagd i Davidsstaden.

11Det var fyrti år David hadde vore konge yver Israel; sju år hadde han styrt i Hebron og tri og tretti i Jerusalem.

12Sidan sat Salomo i kongsstolen åt David, far sin, og kongedømet hans vart ovleg sterkt.

13Ein dag kom Adonja, son åt Haggit, inn til Batseba, mor åt Salomo. Ho spurde: Kjem du med fred? Han svara: Ja!

14So sa han: Det er eitt eg gjerne vilde få tala med deg um. Ho sa: Tala du!

15Då sa han: Du veit sjølv at riket med retten var mitt, og heile Israel hadde fest augo sine på meg og venta at eg skulde verta konge. Men kongedømet kvarv ifrå meg, og bror min fekk det; det var Herren som gav han det.

16Og no hev eg berre ein ting eg vil beda deg um, og du må ikkje visa meg burt! Ho svara: Tal du!

17Då sa han: Kjære deg, bed du kong Salomo - for deg viser han ikkje burt - at han vil lata meg få Abisag frå Sunem til kona!

18Batseba svara: Vel, eg skal tala til kongen for deg.

19So gjekk Batseba inn til kong Salomo og vilde tala til han for Adonja. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Sidan sette han seg i kongsstolen sin; det vart sett fram ein stol for kongsmori, og ho sette seg innmed han på høgre sida.

20So sa ho: Det er berre ein einaste ting eg vil beda deg um; du må ikkje visa meg burt. Kongen svara: Seg kva du ynskjer, mor! Eg skal ikkje visa deg burt.

21Då sa ho: Lat Adonja, bror din, få Abisag frå Sunem til kona!

22Men kong Salomo svara mor si og sa: Kvifor bed du um Abisag frå Sunem for Adonja? Bed då likso godt um kongedømet for han - han er då bror min og eldre enn eg - ja både for han og for presten Abjatar og Joab Serujason.

23Og kong Salomo svor ved Herren og sa: Herren late meg bøta både og sidan um ikkje det ordet skal kosta Adonja livet!

24So visst som Herren lever, han som hev gjeve meg denne makti og sett meg i kongsstolen etter David, far min, og bygt meg eit hus, soleis som han hadde sagt: Adonja skal lata livet, og det i denne dag!

25So sende kong Salomo Benaja Jojadason i veg; han hogg Adonja ned so han døydde.

26Til presten Abjatar sa kongen: Drag til Anatot, til garden din! For du hev forbrote livet ditt; men eg vil ikkje du skal døy i dag, sidan du hev bore kista åt Herren, Israels Gud, framfyre David, far min, og sidan du hev vore med far min og lide alt det han laut lida.

27So jaga Salomo Abjatar burt og let han ikkje få vera Herrens prest lenger. Soleis skulde det sannast det ordet som Herren hadde lyst yver Eli-ætti i Silo.

28Då Joab fekk spurt kva som hendt var, rømde han til Herrens tjeld og tok ikring altarhorni; for han hadde halde med Adonja, endå han ikkje hadde halde med Absalom.

29So kom det ein og sa til kong Salomo: Joab hev rømt til Herrens tjeld og no stend han innmed altaret. Då sende Salomo Benaja Jojadason i veg og sa: Gakk av stad og hogg han ned!

30Då Benaja kom til Herrens tjeld, sa han til Joab: Kongen segjer du skal ganga burt herifrå. Han svara: Nei, her vil eg døy. Benaja bar bod attende til kongen og sa: So sa Joab - soleis svara han meg.

31Då sa kongen til han: Gjer som han segjer! Hogg han ned og få han i jordi! Då friar du meg og ætti åt far min frå det skuldlause blodet som Joab hev rent ut.

32Og Herren skal lata blodet hans koma att på hans eige hovud av di han hogg ned tvo menner som var rettferdigare og betre enn han, Abner Nersson, herhovdingen åt Israel, og Amasa Jetersson, herhovdingen åt Juda - dei som han drap med sverdet, so David, far min, ikkje visste det.

33Blodet deira skal koma att på hovudet åt Joab og etterkomarane hans i all æva. Men David og etterkomarane hans og huset og kongsstolen hans skal Herren lata det ganga vel i all æva.

34So gjekk Benaja Jojadason upp og gav Joab banehogg, og han vart jorda i heimen sin i øydemarki.

35Kongen sette Benaja Jojadason yver heren i hans stad, og i romet etter Abjatar sette han presten Sadok.

36Sidan sende kongen bod etter Sime'i og sa til han: Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og ikkje fara burt derifrå, korkje ein stad eller annan.

37For det skal du vita for visst, at den dagen du tek ut og gjeng yver Kidronsbekken, skal du døy, og blodet ditt kjem på ditt eige hovud.

38Sime'i svara: Det er godt og vel, tenaren din skal gjera som du hev sagt, herre konge. Sidan budde Sime'i lenge i Jerusalem;

39men då tri år var lidne, hende det at tvo av trælane hans rømde til Akis Ma'akason, kongen i Gat. Då so folk kom og sa til Sime'i: Veit du at trælane dine er i Gat?

40gjorde han seg reidug og sala asnet sitt og for til Gat, til Akis, og vilde leita etter dei; Sime'i for då dit og henta båe trælane sine heim att frå Gat.

41Salomo fekk vita Sime'i hadde fare frå Jerusalem til Gat og var komen heim att;

42då sende kongen bod etter Sime'i og sa til han: Hev eg ikkje svore ved Herren og vitna for deg og sagt: Det skal du vita for visst at den dag du tek ut og fer einkvar stad av, skal du døy? Og du svara: Det er godt og vel; eg hev høyrt det.

43Kvifor hev du då ikkje halde deg etter den eiden som var svoren ved Herren, og det bodet eg gav deg?

44Og kongen heldt fram og sa: Du veit sjølv kor mykje vondt du hev gjort David, far min; hjarta ditt minnar deg um det. No let Herren vondskapen din koma att på ditt eige hovud.

45Men kong Salomo skal vera velsigna, og Davids kongsstol skal standa stødt for Herrens åsyn i all æva.

46So gav kongen fyresegn til Benaja Jojadason, og han gjekk ut og gav Sime'i banehogg. Sidan hadde Salomo kongedømet trygt og fast i si hand.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.