1 Kings 19NO1938N

1Akab sa frå til Jesabel um alt det Elias hadde gjort, og um alle dei han hadde drepe med sverdet - alle profetane.

2Då sende ho ein mann til Elias med det bodet: Gudane late meg bøta både no og sidan um eg ikkje i morgon dette bel let deg fara same ferdi som dei hev fare.

3Då han høyrde det, gjorde han seg reidug og drog av stad på harde livet. So kom han til Be'erseba, som høyrer til Judariket. Der bad han drengen sin bia,

4og sjølv gjekk han ei dagsleid ut i øydemarki. Der sette han seg under ein einerunne og ynskte at han måtte få døy og sa: No er det nok, tak no livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn federne mine.

5So la han seg ned og sovna der, under runnen. Men best det var, kom ein engel og tok burtpå han og sa: Ris upp og et!

6Og då han skulde sjå til, låg eit kakebrød, steikt på heite steinar, frammed hovudgjerdi hans; ei krukke med vatn stod og der. So åt han og drakk og la seg att.

7Men Herrens engel kom att andre gongen og tok i han og sa: Ris upp og et! Elles vert vegen for lang for deg.

8Då reis han upp og åt og drakk, og av det målet vart han so styrkt at han gjekk i fyrti dagar og fyrti netter, til han kom til Horeb, Gudsfjellet.

9Der gjekk han inn i helleren, og var der um natti. Då kom eit ord til han frå Herren; han sa til han: Kva vil du her, Elias?

10Han svara: Eg hev vore brennhuga for Herren, allhers Gud; for Israels-borni hev svike pakti di; altari dine hev dei rive ned, og profetane dine hev dei drepe med sverdet; eg er den einaste som er att, og no leitar dei etter meg og vil taka livet mitt.

11Då sa Herren: Gakk ut og statt på fjellet for Herrens åsyn! So gjekk Herren framum der. Fyre han for ein stor og sterk storm, som reiv sund fjell og knasa knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det ein jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelven.

12Etter jordskjelven kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom ljoden av ei linn susing,

13og då Elias høyrde den, drog han kappa for andletet og gjekk ut og stod i hellerdøri. Då bar det imot han ei røyst som sa: Kva vil du her, Elias?

14Han svara: Eg hev vore brennhuga for Herren, Allhers Gud. For Israels-borni hev svike pakti di; altari dine hev dei rive ned, og profetane dine hev dei drepe med sverdet; eg er den einaste som er att, og no leitar dei etter meg og vil taka livet mitt.

15Då sa Herren til han: Far attende og tak vegen til Damaskusøydemarki! Gakk so inn i byen og salva Hasael til konge yver Syria!

16Og Jehu Nimsison, skal du salva til konge yver Israel, og Elisa Safatsson frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg.

17Og kvar den mann som kjem seg undan sverdet åt Hasael, skal Jehu slå i hel, og den som kjem seg undan sverdet åt Jehu, skal Elisa slå i hel.

18Men eg vil spara att sju tusund i Israel - alle som ikkje hev bøygt kne for Ba'al og alle som ikkje hev kysst han med munnen sin.

19So for Elias sin veg og råka på Elisa Safatsson, som heldt på og pløgde; tolv par uksar gjekk fyre han, og sjølv fylgde han det tolvte. Elias gjekk burt til han og kasta kappa si yver han.

20Då gjekk han frå Elisa uksane og sprang etter Elias og sa: Lat meg fyrst få kyssa far og mor ein velfarkyss, so skal eg fylgja deg! Elias svara: Gakk berre heim! For du veit kva eg hev gjort med deg.

21Då snudde Elisa og fylgde ikkje etter han lenger; men då han kom heim, tok han og slakta dei tvo uksane, og med åket deira koka han kjøtet og gav det til folket, so dei fekk halda måltid. So ferda han seg til og fylgde Elias og gjekk han til handa.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.