1 Kings 11NO1938N

1Kong Salomo hugla mange framande kvinnor umfram dotter åt Farao - kvinnor som var frå Moab og Ammon og Edom og Sidon og Hetitarlandet,

2og høyrde til dei heidningfolki som Herren hadde tala um då han sa til Israels-borni: De skal ikkje gjeva dykk i lag med dei, og dei må ikkje koma i hop med dykk; elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine. Desse kvinnone heldt Salomo seg til og elska dei.

3Han hadde sju hundrad konor med dronningrang og tri hundrad fylgjekonor, og desse konone vende hugen hans.

4Det var då Salomo vart gamal, at konone hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar, so hjarta hans ikkje var heilt med Herren hans Gud, soleis som hjarta åt David, far hans, hadde vore.

5Salomo fylgde Astarte, sidonarguden, og Milkom, styggedomen åt ammonitane.

6Han gjorde det som var Herren imot, og fylgde ikkje truge Herren, soleis som David, far hans, hadde gjort.

7På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamos, styggedomen åt Moab, på det fjellet som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt Ammons-borni.

8Det same gjorde han for alle dei framande konone sine, og dei brende røykjelse og ofra til gudane sine.

9Då vart Herren harm på Salomo for di han hadde vendt hjarta sitt burt frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han tvo gonger

10og skilleg forbode han å fylgja andre gudar; men han hadde ikkje halde seg etter Herrens bod.

11Og Herren sa til han: Sidan du hev kome på slike tankar og ikkje hev halde den pakti eg gjorde med deg og dei lovene eg gav deg, so vil eg riva riket frå deg og gjeva det til ein av mennene dine.

12Men for Davids, far dins, skuld vil eg ikkje gjera det medan du sjølv lever; det er son din eg vil riva riket or hendene på.

13Heile riket vil eg like vel ikkje riva frå han; eitt fylke vil eg gjeva son din for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg valde meg ut.

14Og Herren laga det so at ein fiende reiste seg mot Salomo; det var Hadad, ein mann av kongsætti i Edom.

15For det bar so til at då David var i Edom, og Joab, herhovdingen, drog upp og skulde jorda dei som var falne i striden, slo i hel alle karmenner i Edom

16- i seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-heren, til han hadde rudt ut alle karmenner i Edom -

17då fekk Hadad rømt saman med nokre edomitar, nokre av mennene åt far hans, og tok vegen Egyptarland. Hadad var då berre ein smågut.

18Dei tok ut frå Midian og kom til Paran; derifrå fekk dei med seg nokre menner og kom so til Egyptarland, til Farao, kongen der, og han gav Hadad eit hus og sytte for kost åt han og let han få jord.

19Farao fekk stor godvilje for Hadad og let han syster åt kona si - åt dronning Tahpenes - til kona.

20Med henne fekk Hadad ein son, som dei gav namnet Genubat; Tahpenes vande guten av i huset åt Farao, og sidan vart han verande der millom sønene åt Farao.

21Då no Hadad fekk spurt i Egyptarland at David var faren til federne sine, og at Joab, herhovdingen, var avliden, so sa han til Farao: Lat meg få fara heim til mitt eige land!

22Farao sa: Kva er det som vantar deg her hjå meg sidan du hev slik hug til å fara heim til landet ditt? Han svara: Ingen ting; men eg bed deg: Lat meg få fara!

23Ein annan fiende som Gud let reisa seg mot Salomo, var Reson Eljadason. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba,

24og samla folk um seg og vart hovding for ein røvarflokk - det var den gongen David slo dei i hel. Sidan for dei til Damaskus og slo seg ned der og gjorde seg til herrar i Damaskus.

25Han låg i strid med Israel so lenge Salomo levde, og både han og Hadad gjorde Israel skade. Han hata Israel og var konge yver Syria.

26So var det Jeroboam Nebatsson som reiste seg mot konge. Han var frå Sereda i Efra'imsfylket; mor hans heitte Serua og var enkja; sjølv var han ein av tenestmennene åt Salomo.

27At han reiste seg mot kongen, kom seg so: Salomo heldt på og bygde Millo - han vilde fylla opningi i muren ikring byen som bar namn etter David, far hans.

28No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at han, so ung som han var gjorde godt verk, sette han han til å hava tilsyn med alt arbeidet som Josefs-ætti laut greida.

29Då hende det ein gong på den tid at Jeroboam hadde teke ut frå Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Silo, og han var klædd i ei ny kåpa, og dei var tvo-eine på marki.

30Då tok Akia den nye kåpa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke

31og sa til Jeroboam: Tak no du ti av desse stykki! For so segjer Herren, Israels Gud: Eg riv riket ut or hendene på Salomo og gje deg dei ti ættene;

32berre den eine ætti skal han få hava for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg valde meg ut or alle Israels fylke.

33So gjer eg for di dei forlét meg og tilbad Astarte, sidonarguden, og Kamos, Moab-guden, og Milkom, guden åt Ammons-borni, og ikkje gjekk mine vegar eller gjorde det som rett er i mine augo, og ikkje heldt lovene og bodi mine, soleis som David, far hans, gjorde.

34Like vel vil eg ikkje taka noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste so lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min - han som eg valde ut, og som heldt seg etter bodi og lovene mine.

35Men eg vil taka riket frå son hans og gjeva det - dei ti ættene.

36Ei ætt vil eg gjeva til son hans, so David, tenaren min, alltid skal hava ei lampe lysande for mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg til bustad for namnet mitt.

37Men deg tek eg fram; du skal råda konge yver alt det hjarta ditt trår etter, og du skal vera konge yver Israel.

38Og høyrer du på alt det eg segjer til deg, gjeng du mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, so du held lovene og bodi mine, som David, tenaren min, gjorde, so skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som stend stødt, so som eg gjorde for David, og eg vil gjeva deg Israel.

39Og Davids-ætti vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all tid.

40Sidan freista Salomo å få drepe Jeroboam; men Jeroboam tok ut og kom seg undan til Egyptarland, til Sisak, kongen som rådde der, og han vart verande i Egyptarland til Salomo var avliden.

41Det som meir er å segja um Salomo, um alt det han gjorde, og um visdomen hans, det stend skrive i krønikeboki åt Salomo.

42I fyrti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde yver heile Israel.

43So for han til federne sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.