1 John 5NO1938N

1Kvar den som trur at Jesus er Kristus, han er fødd av Gud, og kvar den som elskar Faderen, han elskar og den som er fødd av han.

2På dette kjenner me at me elskar Guds born, når me elskar Gud og held hans bod.

3For dette er kjærleiken til Gud at me held hans bod; og hans bod er ikkje tunge.

4For alt som er født av Gud, det sigrar yver verdi; og dette er den siger som hev sigra yver verdi: vår tru.

5Kven er det som sigrar yver verdi, utan den som trur at Jesus er Guds Son?

6Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus; ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet, og Anden er den som vitnar, for Anden er sanningi.

7For dei er tri som vitnar:

8Anden og vatnet og blodet, og desse tri gjeng ut på eitt.

9Tek me imot vitnemål av menneski, so er Guds vitnemål større; for dette er Guds vitnemål at han hev vitna um Son sin.

10Den som trur på Guds Son, hev vitnemålet i seg sjølv; den som ikkje trur Gud, hev gjort han til ein ljugar, av di han ikkje hev trutt det vitnemålet som Gud hev vitna um Son sin.

11Og dette er vitnemålet at Gud hev gjeve oss æveleg liv, og dette livet er i Son hans.

12Den som hev Sonen, hev livet; den som ikkje hev Guds Son, han hev ikkje livet.

13Dette hev eg skrive til dykk so de skal vita at de hev æveleg liv, de som trur på Guds Sons namn.

14Og dette er den frimodige tiltru me hev til han, at dersom me bed um noko etter hans vilje, so høyrer han oss;

15og dersom me veit at han høyrer oss, kva me so bed um, so veit me at me hev dei ting som me hev bede han um.

16Dersom nokon ser bror sin gjera ei synd som ikkje er til dauden, so skal han beda, og han skal gjeva han liv - eg meiner dei som ikkje syndar til dauden. Det finst synd som fører åt dauden; det er ikkje um henne eg segjer han skal beda.

17All urettferd er synd, og det finst synd som ikkje er til dauden.

18Me veit at kvar den som er fødd av Gud, syndar ikkje; men den som er fødd av Gud, varar seg, og den vonde rører honom ikkje.

19Me veit at me er av Gud, og all verdi ligg i det vonde;

20men me veit at Guds Son er komen, og han hev gjeve oss skyn til å kjenna den Sanne, og me er i den Sanne, i hans Son Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det ævelege livet.

21Born, vara dykk for avgudane!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 John 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.