1 John 2NO1938N

1Mine born! Dette skriv eg til dykk, so de ikkje skal synda, og um nokon syndar, hev me ein målsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, den rettferdige,

2og han er ei soning for syndene våre, og ikkje berre for våre, men og for alle i heile verdi.

3Og på dette veit me at me kjenner han: um me held bodi hans.

4Den som segjer: Eg kjenner han, og ikkje held bodi hans, han er ein ljugar, og i han er ikkje sanningi;

5men den som held ordet hans, i han hev i sanning kjærleiken til Gud vorte fullkomen. På dette kjenner me at me er i han.

6Den som segjer at han er i han, han er og skuldig til å ferdast so som han hev ferdast.

7De kjære, det er ikkje eit nytt bod eg skriv åt dykk, men eit gamalt bod, som de hev havt ifrå upphavet; det gamle bodet er det ordet de hev høyrt.

8Og like vel er det eit nytt bod eg skriv åt dykk, og det er sant i han og i dykk; for myrkret kverv burt, og det sanne ljoset skin alt no.

9Den som segjer at han er i ljoset, og som hatar bror sin, han er endå i myrkret.

10Den som elskar bror sin, han er i ljoset, og i han finst det ikkje noko som fører til fall.

11Men den som hatar bror sin, han er i myrkret og ferdast i myrkret og veit ikkje kvar han gjeng; for myrkret hev blinda augo hans.

12Eg skriv til dykk, born, for syndene er dykk forlatne for hans namn skuld;

13eg skriv til dykk, de feder, for de kjenner han som er frå upphavet; eg skriv til dykk, de ungdomar, for de hev sigra yver den vonde. Eg hev skrive til dykk, born, for de kjenner Faderen;

14eg hev skrive til dykk, de feder, for de kjenner han som er frå upphavet; eg hev skrive til dykk, de unge, for de er sterke, og Guds ord vert verande i dykk, og de hev sigra yver den vonde.

15Elska ikkje verdi, og ikkje dei ting som er i verdi! Um nokon elskar verdi, so er ikkje kjærleiken til Faderen i han;

16for alt det som er i verdi: kjøtslyst og augnelyst og storlæte i livnad, det er ikkje av Faderen, men av verdi.

17Og verdi og hennar lyst forgjengst, men den som gjer Guds vilje, vert verande til æveleg tid.

18Born! Det er den siste timen; og som de hev høyrt at Antikrist kjem, so er og no mange anti-kristar komne; av det skynar me at det er den siste timen.

19Dei er gjenge ut ifrå oss, men dei var ikkje av oss; for hadde dei vore av oss, so hadde dei vorte verande hjå oss; men det skulde verta synbert at ikkje alle er av oss.

20Og de hev salving av den Heilage, og veit alt.

21Eg skriv ikkje til dykk av di de ikkje kjenner sanningi, men av di de kjenner henne og veit at ingi lygn er av sanningi.

22Kven er ljugaren, utan han som neittar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som neittar Faderen og Sonen.

23Kvar den som neittar Sonen, han hev ikkje Faderen heller; den som vedkjennest Sonen, han hev og Faderen.

24Lat det då verta verande i dykk, det som de høyrde frå upphavet! Dersom det de høyrde frå upphavet, vert verande i dykk, so vert de og verande i Sonen og i Faderen.

25Og dette er det han hev lova oss: det ævelege livet.

26Dette skriv eg til dykk, um dei som forfører.

27Og den salving de fekk av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon skal læra dykk noko, men liksom salvingi hans lærer dykk alt, so er det og sanning og ikkje lygn, og vert verande i han, so som ho lærde dykk.

28Og no, born, ver i han, so me kann hava frimod når han vert openberra, og ikkje verta til skammar for han når han kjem att!

29Veit de at han er rettferdig, so skynar de at kvar den som gjer rettferd, er fødd av han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 John 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.