1 Corinthians 8NO1938N

1Men vedkomande avgudsoffer, so veit me at me alle hev kunnskap. - Kunnskapen blæs upp, men kjærleiken byggjer upp.

2Um nokon tykkjest kjenna noko, han hev aldri kjent noko soleis som ein skal kjenna det.

3Men um nokon elskar Gud, so er han kjend av han. -

4Når det no gjeld det å eta kjøt av avgudsoffer, so veit me at ingen avgud i verdi er til, og at det finst ingen annan Gud enn ein.

5For um det og er dei som vert kalla gudar, anten i himmelen eller på jordi - som det er mange gudar og mange herrar -

6so finst det då for oss berre ein Gud, Faderen, som alle ting er av, og me til han, og ein Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og me ved han.

7Men den kunnskapen hev ikkje alle; sume gjer seg endå samvit for avguden skuld og et det som avgudsoffer, og etter di samvitet deira er veikt, vert det ureint.

8Men mat gjev oss ikkje verd for Gud; korkje vinn me noko um me et, eller taper noko um me ikkje et.

9Men sjå til at ikkje denne fridomen dykkar vert til støyt for dei veike!

10For um nokon ser deg som hev kunnskap, sitja til bords i avgudshuset, vert då ikkje samvitet hjå han som er veik, tilstyrkt til å eta avgudsoffer?

11Den veike vert då fortapt for din kunnskap skuld, den bror som Kristus døydde for!

12Men når de soleis syndar mot brørne og sårar deira veike samvit, so syndar de mot Kristus

13Difor, dersom mat valdar at bror min fell, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda at bror min fell.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.